22.08: Selje Tine-fotballskule 6.-7.september

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Aug 2008

Selje IL inviterer for 4.år på rad til Tine-Fotballskule. Fotballskulen vert laurdag og søndag 6.-7.september. Påmeldingsfrist: fredag 29.august! Meir info., les under................

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer fotballskule for 4.gong i år. Dei føregåande åra har arrangementet vorte ein suksess med over godt over 100 deltakarar. Selje IL har også i år gleda av å ynskje velkommen til

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

laurdag 6. september kl. 13.00-17.00

søndag 7. september kl. 13.00-17.00

 

 

 

 

 

 

 

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2001) til og med 15 år (10.klasse, f.1993)

Pris: kr. 200,- pr. spelar som inkluderer flotte Tine-premiar og mat.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Fotballskulen vert avslutta med turnering.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna. Åpen kiosk begge dagar.

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

Påmelding:

I tillegg til våre eigne spelarar, inviterer vi også spelarar frå Stadlandet og Flatraket IL til fotballskulen.

Påmeldingsfrist innan fredag 29.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og tlf. på påmeldinga. Har du mailadresse skriv på den også. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:

e-mail: ninarefvik@hotmail.com eller tlf. 47 86 18 92

 

 

 

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2008

Dato: laurdag 6. og søndag 7.september

Påmeldingsfrist: fredag 29.august

Namn:

Adresse:

Fødselsår:

Klubb:

Spelargruppe eller keepergruppe:

Mobiltlf.:

E-mail:

Evt. spørsmål/merknader:


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.