21.08: Selje-Skavøypoll laurdag kl.16.00

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Aug 2008

Selje har hatt ein mildt sagt dårleg haustsesong i Firdaligaen. Etter tre strake tap med rekordmange mål innslept, skal Selje på laurdag ta i mot Skavøypoll på Selje Idrettspark. Dette er ein "skjebnekamp" for begge lag, om det framleis skal vere eit håp om å berge plassen i 3.divisjon.......

Det har vore ein tung haust for Selje. Sist helg vart det 9-0 tap mot Årdal, i ein kamp der spørsmålet eigentleg berre var kor stor Årdal-sigeren skulle bli.

Heldivis ser det ut til at Selje i helga disponerer langt fleire faste spelarar, så får vi sjå kva utslag det kan gje i kampen mot Skavøypoll.  

Gledeleg for Selje er det at tidlegare kaptein, Jan Runar Trandal, gjer comeback for moderklubben i denne kampen etter ein og ein halv sesong for Kaupanger. Kanskje det er dette som skal til for å snu skuta og få Selje på sporet igjen..... Møt fram på stadion på laurdag i eit spennande lokalopgjer, og støtt Selje i kampen om poeng...... Heia Selje! 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.