20.04: 9 stk. deltok på dommarkurs i helga

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Apr 2008

Selje IL arrangerte, i samarbeid med SFFK, rekruttdommarkurs denne helga. 9 ungdommar frå Selje IL deltok på kurset.......
Deltakarane på rekruttdommarkurs

Selje IL arrangerte rekruttdommarkurs i helga. Sogn og Fjordane Fotballkrets stilte med dommar Ragnar Åmot som kursleiar. Kurset varte frå fredag kl.17-21, og på laurdag kl.9.00-16.00.

Desse deltok: Beate Hove, Kristoffer R. Nøstdal, Joachim Refvik, Christian V. Sneide, Øyvind Støverstein, Håkon Eltvik, Aleksander Kvernevik, Daniel D. Hatlenes, Joachim L. Træet.

Honnør til dei unge kursdeltakarane for god innsats. Selje IL ynskjer lukke til med dømminga........

Rekruttdommarkurset var det tredje kurset som Selje IL har arrangert i vinter/vår. Tidlegare i vinter arrangerte klubben barneidrettskurs for trenarar i allidrett. Sist tysdag vart aktivitetsleiarkurs (trenar 1, del I) avslutta. Takk til alle som har delteke på kurs!   


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.