03.12: Flott jubileumsår for Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2007

Selje Idrettslag fylte 70 år 31.oktober, og det har utan tvil vore eit flott jubileumsår! På Selje IL sin årsfest i helga var det mange som fekk heider og ære. Gaute Otnes vart m.a. kåra til årets spelar...... Les meir under...

(©Stig Høynes, www.haugenfotball.no)

Selje IL arrangerte årsfest på Selje Hotel sist laurdag for seniorspelarar, tillitsvalde og andre medlemmer. Folk kosa seg med program, premieutdeling, julemat og dans.........

Det vart ei vellukka avslutning på ein flott sesong som har gitt klubben mykje heider.....med kretsmesterskap i 4.div. og opprykk til Firdaligaen som høgdepunkt. 

På Selje sitt A-lag i 4.div. er desse prisane delt ut i 2007:

Årets spelar: Gaute Otnes

Årets heimespelar: Endre Kupen

Årets målkonge: Endre Kupen

Flest treningar: Kristoffer Hove

Espen Nøstdal: statuett for 250 obligatoriske kampar for Selje IL.

 

Ellers har det vore mykje å gle seg over i 2007. Vi nemner bl.a:

* Stor aktivitet også i år med allidrett, mange lag i aldersfastlagde klasser, lag senior herrar 4.div. og 6.div.

* Seljecup 2007: igjen ny deltakarrekord, med 148 lag og over 1200 spelarar!

* Tine Fotballskule: ny deltakarrekord med nesten 130 deltakarar!

* Juniorlaget vart nr. 2 vinterserien 2006/07

* 3 lag kvalifiserte seg til innandørs-KM: gutar – jenter – småjenter

* Guttelaget G15/16: nr. 2 innandørs-KM i mars 

* Seljecup: Jentelaget J15/16 vart nr. 1

* Sparebank Vest cup: Guttelaget G15/16 vart nr. 1

* Jentelaget J15/16 vann si avdeling i serien, og spelte seg fram til KM-finalar i 7-ar.

* Fleire spelarar som har delteke på sone- og/eller kretslag gjennom året

* Selje IL vart nr. 3 i dugleiksmerke-konkuransen i 2007 (83 merke: minimerke og teknikkmerke)

* John Helge Andersen tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrets sin blå diplom for mangeårig innsats for Selje IL, Fotball.

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.