29.10: Guttelaget til topps i Sparebank Vest Cup

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Okt 2007

Selje stilte med to guttelag i Sparebank Vest Cup som vart arrangert i Nordfjordhallen på laurdag. Selje 1 vann cupen, etter seier 3-2 over TMFK 1 i ein spennande finale. Selje 2 kom på 2.plass i B-sluttspelet. Flott avslutning på sesongen for Selje sitt guttelag, som har gjort det skarpt innandørs i år, då dei i mars også kom på 2.plass i KM.

Selje sitt småjentelag kom på ein flott 2.plass på cupen, etter tap mot Syril i finalen. Dette laget hadde Selje slått i innleiande runde, men kreftene tok slutt i finalen.  

Alle resultat frå cupen, sjå: www.tmfkfotball.no

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.