16.09: Selje vann 5-2 mot Årdal2

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Sep 2007

Selje vann 5-2 mot Årdal 2 i dag, etter 2-0 ved pause. Selje har dermed like mange poeng som Jølster, framfor avslutningsrunda neste helg. Eit av desse laga kjem til å rykke opp i 3.divisjon. Skavøypoll som vann mot Sandane, er så godt som klar for opprykk alt. 

Artikkelen er no oppdatert med bilder.

Kampen starta litt famlande frå begge lag. Ingen av laga spelte seg fram til skikkelege målsjansar det fyrste kvarteret. Selje spelte i til dels kraftig motvind i denne omgangen.

Fyrste målsjanse kom etter 15min. spel. Kristoffer Hove mottek ballen ute ved sidelinja nesten på midtbana, og sender avgarde eit langt framspel mot bakerste stolpe. Andre Kupen når høgast i duellen framfor mål, og headar bakover og inn i hjørnet. Dermed 1-0 til Selje.

To minutt seinare får Årdal 2 corner. Den innoverskrudde corneren treff ein Seljespelar, som headar bakover like over tverrliggaren.

I det 22.minutt kjem Gaute Otnes fram på kanten, og legg eit presist innlegg inni 16 meteren. Der når Endre Kupen ballen og lobbar perfekt over keeper og inni mål. Berre eit minutt seinare eit hardt Seljeskot frå 16meteren, som keeper Preben Gilleshammer gjev retur på. Andre Kupen skyt returen i keeper og til corner.

Årdal 2 får si fyrste skikkelege avslutning på mål etter 27min. Seljeforsvaret let ballen sprette og ei Årdalangripar kjem laus og skyt hardt frå 16m. Men skotet går rett på Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, som reddar enkelt. Resten av omgangen skjer det lite, og Selje går til pause med 2-0 leiing.

Selje startar best i 2.omgang. Berre etter 5min spel er det klart for 3-0. Andre Kupen spelar presist gjennom Årdalforsvaret, og Endre Kupen får foten på legget og flikkar ballen vidare inni hjørnet. Flott scoring. Minuttet etter snurrar Endre rundt med to forsvarar på 16 meteren. Han kjem seg laus og skyt hardt, men ballen går i beinet på keeper og til corner.

I det 56. minutt får Andre Kupen ballen på ca. 25 meter. Han tek med seg ballen inni sekstenmeteren, og avsluttar kontrollert i lengste hjørnet for keeper. Dermed 4-0 til Selje.

I denne perioden spelar Selje god angrepsfotball, og Årdal heng ikkje med. Berre tre minutt seinare, i det 59.min. blir det 5-0. Flott angrep blir trekt opp på venstresida. Endre Kupen slår eit perfekt innlegg inn framfor mål. Der står Jon-Aage Riksfjord og breisidar ballen sikkert i mål.

No trudde dei fleste at det skulle bli fleire mål. Men slik skulle det ikkje gå. Selje miste trykket og konsentrasjonen, og spelte ein dårleg siste halvtime. Nærast scoring var Endre Kupen i det 78.min. og Ole Andreas Solheim i det 79.min,  som begge hadde kvar sitt langskot som strauk tverrliggaren.

Men så var det jamnt slutt. Årdal kom på eit av sine få angrep. Seljeforsvaret markerer ikkje tett nok, og Årdal får avslutta frå kort hald framfor mål. Dermed redusering til 5-1. Som om ikkje det var nok, scora Årdal 2 i nesten siste spark på ballen. Igjen glipp det i markeringa og ein Årdalangripar kan avslutte frå 7-8 meter, og 5-2.

 Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Runar Nøstdal, Kristoffer Hove, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar T. Aarsheim, Andre Kupen, Endre Kupen.

Benytta reservar: Jon-Aage Riksfjord, Anders D. Rekdal, Martin Hove.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Kennet Honningsvåg og Endre Kupen

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.