19.08: Strålandes siger i Lærdal

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Aug 2007

Werner var tilbake i sitt gamle ess i går med 2skoringar.

Selje tok sin andre siger på rad i går, då Lærdal vart slått 4 - 1 på Lærdal Stadion. Dermed har vi fått ein god start på haustsesongen.

 

Laurdag reiste "gutta på tur" til Lærdal. Guttane var fullt motiverte og klare for å ta med seg alle poenga heimatt i maxitaxien.

Som venta er Lærdal eit tøft lag å møte. Med bra duelstyrke og engasjement.

Kampen starta på best mogeleg måte for vår del. Etter allerede 4.minutt la Gaute ei perfekt pasning til Werner på eit av sine mange raid oppover på si høgre side. Ballen sette Werner kontant i mål.

Etter 12.minutt vart de igjen likt, etter litt klabb og babb inne i feltet var Martin uheldig å sette ballen i eige mål.

Kampen derifrå og ut til pause bølga kampen mykje att og fram, vi kom til fleire store sjansar men de ville seg ikkje framfor mål for Selje sin del.

I pausen var de ein meget entusiastisk gjeng i garderoba. Alle var spenn klare for at her skulle vi ikkje miste iniativet i kampen og bare trykke på for skoring.

Og det gjekk ikkje lenge før den fyrste skoringa kom. Den kom på ei kjempe kontring etter ein Lærdal dødball, og der framme var Werner og satt inn sitt 2.mål for dagen.

Omlag 6.minutt etter var det klart for nok ei ny skoring for Selje. På innlegg går ballen igjennom feltet og der er nok ein Kupen, denne gangen Ken Olav, dermed 1 - 3.

Etter denne skoringa pressa begge lag på og Lærdal kom til fleire farlege sjansar, men heldigvis vart sjansane redda av Tom-Øyvind eller så gjekk avslutninga utanfor.

Vi var farleg frampå mange gangar i denne perioden. I de 86.minutt blir Werner felt innanfor 16-meteren og dermed straffe. Som vanleg satte Gaute denne sikkert i mål bak Lærdals-keeperen.

Dette var fantastisk artig, igjen ein utruleg sterk lagsiger, og eg registrerar at gutta virkelig er i form for tida. Vi jobbar bra kollektivt, og er solide frå keeper og heile linja opp. Dette er verkeleg kjekt med tanke på fortsettelsen. I tillegg så manglar vi 5-6potensielle startere til denne kampen også, guttane gjorde ein super jobb, seier "coach" Idar Taklo om kampen.

Startoppstilling:

                          Tom-Øyvind Solheim

Gaute Otnes    Espen Nøstdal    Martin Hove    Henrik Aarsheim

                          Ole Andreas Solheim

               Runar Aarsheim         Kristoffer Hove(cpt.)

        Ken Olav Kupen   Werner Kupen    Endre Kupen     

Reservar: Ruben Riksfjord og Andres D.Rekdal.

Neste helg vitjar Askvoll/Holmedal, Selje Idrettspark, ein kjempe spennande kamp. Så då er det bare å komme seg ut av godstolen uansett vær ute og komme å heie oss fram til nye poeng, de betyr veldig mykje for oss.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.