22.04: Årdal 2 - Selje 2-2

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Apr 2007

Det vart 2-2 og poengdeling i serieåpninga i Årdal i dag. Etter ein forferdeleg start på kampen låg Selje under med 0-2 etter berre 10 minutts spel. Men Selje reiste seg flott og var ajour ved pause.

Trenar Idar Taklo var bra nøgd etter å ha teke med seg det ein poenget i serieopninga. Selje reiste flott seg etter ein marerittliknande start på kampen, med sjølvmål etter berre 1 minutts spel. Her var nok ei ujamn grasmatte medverkande til scoringa.

Den siste timen var bra av Selje, då kollektivet fungerte godt. Selje hadde flest sjansar utover kampen, og var nærast å ta med seg alle tre poenga.  Årdal var også farleg frampå eit par gonger i 2.omgang, men to matcvinnar-redningar av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim hindra scoring.   

KAMPFAKTA:

Seljes lagoppstilling:

                            Tom-Øyvind Solheim

Gaute Otnes        Andre Kupen        Espen Nøstdal        Kristoffer Hove

       Runar Aarsheim    Kennet Honningsvåg    Ole Andreas Solheim

        Jon-Aage Riksfjord    Werner Kupen        Endre Kupen

Ken Olav Kupen inn for Kennet H. etter 75 min.

Ubenytta reservar: Anders Eltvik, vidar Hagen, Kai Sindre Moldestad, Martin Hove.

1 min: 1-0    (sjølvmål)

10min: 2-0    

38min: 2-1    Gaute Otnes på straffe, etter at Endre Kupen vart felt.

44min: 2-2    Endre Kupen putta ballen i det opne målet, etter at keeper i forsøket på å klarere trefte ein motspelar.

Gule kort:     Jon-Aage Riksfjord og Kennet Honningsvåg + 3 gule til Årdal 2

Sjekk også www.jotun-fotball.no , www.haugenfotball.no og www.porten.no  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.