02.10: 3div. Selje - Sogndal 2 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Okt 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje fekk med seg det eine poenget i kveldens kamp mot Sogndal 2. Selje leia 1-0 ved pause, men Sogndal 2 kom sterkt utover kampen, og heimelaget kan alt i alt seie seg fornøgde med poengdeling. Det betyr at Selje avanserte til 10.plass på tabellen.

Ekstra stilfull innmarsj var det i flomlyset i kveld. "Flaggborg" med 12 kvit/blå seljeflagg mot tribuna var flott! Tusen takk til Anne-Britt D. Rekdal for flagga som ho har laga!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje mangla fleire spelarar til dagens kamp, men satsa friskt. Spelarane jobba iherdig over heile linja. Selje scora på sin fyrste store sjanse i kampen. Karl Erik Aarsheim fekk ballen innanfor 16 meteren og sette den hardt i hjørnet bak ein sjanselaus Sogndalkeeper.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter dette spelte begge lag seg til ein del sjansar i ein jamnspelt fyrsteomgang. Nærast på heimelaget var Ole Andreas Solheim,  som spelte frå start for fyrste gong, nær scoring etter eit skot som strauk over krysset.

I andre omgang tok Sogndal etter kvart over, og pressa Selje bakover på bana. Spesielt Henrik Furebotn og Torgeir Hoås skapte trøbbel for seljeforsvaret. Etter 63 min var det klart for utlikning. Hernrik Furebotn var sist på ballen. Etter dette var Selje heldig som ikkje fekk fleire baklengs. Seljekeeper Odd Helge Losnegård hadde fleire gode redningar i denne perioden. Mot slutten av kampen jamna det seg ut igjen og Selje hadde også store sjansar til å score.

Men kampen ebba ut med 1-1 og poengdeling. Eit poeng som gjer at Selje går forbi Skavøypoll på tabellen på målforskjell. Det betyr at Selje greier seg med uavgjort i årets siste kamp (laurdag kl.15.00) mot Skavøypoll, for å kapre 10.plassen i 3.divisjon.

Imponerande 192 tilskodarar hadde funne vegen til stadion i kveld. Vi takkar vårt trufaste publikum for flott støtte gjennom heile sesongen!

Seljes lag: Odd Helge Losnegård, Anders Eltvik, Gaute Otnes, Ole Refsnes (Andre Kupen frå 63. min), Idar Taklo, Kai Arne Otneim, Jan Runar Trandal, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim (Andreas Teigen frå 90min.), Karl Erik Aarsheim, Endre Kupen.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal

Firdastjerna: Torgeir Hoås, Sogndal 2

Gule kort: Jan Runar Trandal og Andreas Teigen Selje + 2 til Sogndal

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang ass.dommarar: Øyvind Grindheim, Svelgen og Kaj Inge Fløde, Stadl.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.