24.06; Selje-Skavøypoll 2-3

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Jun 2006

Nytt eittmålstap for Selje, etter 2-3 mot Skavøypoll. Stillinga ved pause var 0-2.

Skavøypoll tok leiinga allerede etter 5min spel ved Jon Martin Gil. Skavøypoll styrte omgangen og var fleire hakk betre enn Selje i 1.omg. "Gutsen" og innsatsen var desverre langt under pari.

Etter 36.min peikte dommar Kjell Heltne på straffemerket etter ein duell inn i feltet. Straffa sette Jon Martin Gil kontant i mål.

Minuttet før pause vart keeper Tom-Øyvind Solheim skada etter ein duell i feltet med Peter Orry Larsen og vart erstatta av Odd Helge Losnegård. Laga gjekk til pause i ein omgang der Selje ikkje skapte nokon store målsjansar.

Rett etter at 2.omg var i gang, utnytta Skavøypoll og Peter Orry Larsen ein misforståelse mellom forsvar og keeper og dermed var plutselig stillinga 0 - 3.

Selje reiste seg etter det og pressa Skavøypoll dei siste 30minutta av kampen. Og etter 64.min spel scora kaptein Kai Arne Otneim eit flott mål etter innlegg av Kenneth Pedersen.

Etter dette pressa Selje enda meirpå mot tydeleg sletne Skavøypoll spelarar. I det 87.min dukka Anders "Rykkjet" Eltvik og klinka ballen i mål.

Dermed var det eit håp for Selje. Fleire store sjansar, blant anna eit frispark av Karl Erik Aarsheim gjekk ikkje inn, og dermed tok Skavøypoll med seg alle poenga med i bagasjen.

Vi må berre sjå framover, og har eit stort håp om fleire poeng i haustsesongen.

Kenneth Pedersen vart kåra til heimelagets beste spelar.

Stig Tunheim Aarsheim fekk også sin debut for Selje i dag, då han starta som indreløpar på midtbana til Selje.

No tek vi sommarpause og skal trene godt. Vi gledar oss til ein spennande haustsesong.

HEIA SELJE!

Les meir om kampen på

www.firda.no

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.