Årets FAIRPLAY-lag 2014

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Feb 2015

På J11 var det ei umogeleg oppgåve å skulle plukke ut ein spelar, for alle fortente prisen like mykje meinte trenarar/oppmenn. Heile laget vart like godt kåra til Årets FairPlay-lag! Laget har tapt alle sine kampar denne sesongen, men alltid vore like blide med godt humør. Alle har vore positive mot medspelarar, motspelarar og vaksne og vist flotte haldningar. Laget har blitt lagt merke til av motstandarlag, som har skrytt av jentene for si gode innstilling og humør.

Vi gratulerer J11-laget med ein velfortent pris.



Bildet J11: Marita Bortne, Elisabeth Aarsheim, June Haugen, Inger Kvamme, Sofie Arnes, Anette Bakkebø, Matilda Nøstdal.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline