Årets FairPlay-spelarar 2023, aldersfastlagde lag

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

Selje IL har lenge hatt stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne FairPlay-prisen fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre. 

På årsfesten 30.11 vart desse kåra til årets FairPlay-spelar på sitt lag i 2023:

G12: Mathias Aron Kvamme

J12: heile laget (på bilde repr. ved Leah Sofie)

J13/14: Michell Årvik

G13/14: Kasper Hatlenes Åbø

J15/17:Tina Rundereim

G15/17: Rikhardur Daniel Finnsson Maack

Selje IL gratulerer verdige vinnarar!



Årets klubbdommar Selje IL 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

Selje IL, Fotball har satsa mykje på dommarutvikling dei siste åra. Det har m.a. vore gjennomført klubbdommarkurs og rekruttdommarkurs. Fleire dommarar har delteke på dommarsamlingar og dømt kampar både for klubb og krets. Evy-Ann Rye Aarseth har vore dommaransvarleg i Selje IL 2023.

På årsfesten vart Sigurd Aam Hamre kåra til årets klubbdommar. Selje IL gratulerer!



Heidersteikn tildelt på kretstinget

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

På NFF Sogn og Fjordane kretsting i Førde vart fleire personar i Selje IL heidra med flotte utmerkingar. Erling Åbø og Merete Nerland vart tildelt fotballkretsen sin blå diplom. Atle Solheim vart tildelt Kjosenprisen/eldsjelprisen. 

Selje IL gratulerer!                     



Juletre-sal

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2023

Tradisjonen tru så har Selje IL sal av juletre også i år. Flotte juletre frå Jølster!

Edelgran: kr.550,-

Omorika kr.400,-

Vanleg gran: kr.350,-

Bestillingsliste på Coop Prix eller kontakt Per Jarle Hoddevik tlf. 90762928.  

Sal og utlevering av bestilte juletre v/stadion: 

Fredag 15.12: kl.18.00-20.00

Lørdag 16.12: kl.13.00-15.30

Søndag 17.12 til jul: Kontakt Per Jarle tlf. 90762928 eller Steffen tlf. 41465058

                                    



Seljecup 2024, 14.-16.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Nov 2023

Fantastisk cupsuksess i 2023. No gledar vi oss til å kunne ynskje velkommen til Seljecup i 2024. Den tradisjonsrike og populære turneringa vert i 2024 arrangert for 28.gong, helga 14.-16.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut i februar. 

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har begynt å få henvendelsar med spørsmål om Seljecup 2024. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass før ordinær påmelding osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse: post@seljefotball.no   

Tlf. 99247687 



Kåringar senior fotball 2023 Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Nov 2023

Kåringar senior 2023 Selje IL: 3.div. kvinner og 6.div. menn 

 Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.


3.div. kvinner Selje/Åheim: 

Årets FairPlay spelar: Emma Wold Haugland

- Årets spelar: Emma Wold Haugland


- Årets toppscorar: Lene Refsnes 

Årets unge spelar: Kine Andersen Grøttå

- Årets treningstopp: Guro Lesto Larsen


6.div. menn Selje: 

Årets FairPlay spelar: Martin Hove

Årets spelar: Joachim Refvik

- Årets toppscorar: Joachim Refvik

- Årets unge spelar: Mohammad Ali

- Årets treningstopp: David da Silva Hamre

100 obl. kampar: Johannes Osmundsvåg

- 150 obl. kampar: Ole Andreas Solheim





Info. Deltakingsavgift 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Okt 2023

Til aktive og føresette Selje IL:

Deltakingsavgift 2023:

Selje IL har sendt ut faktura for deltakingsavgift 2023, for barn/ungdom 6-17år og senior.

Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL.

Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.

Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.

Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
 
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon.  Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.

Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.

Med vennleg helsing

Selje Idrettslag

 



Hjertestartar-prosjekt

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2023

Selje IL har tidlegare i år fått innvilga søknad om å bli med på fotballkretsen sitt «Hjertestartar-prosjekt» (i tillegg til 3 andre klubbar i Sogn og Fj).  Dette er eit viktig tiltak som alle før eller seinare kan få bruk for, og gje auka tryggleik på trening/kamp og fritid.

Vi har no motteke alt utstyret: hjertestarter, øvingsdokke, øvings-hjertestarter m.m. Utstyret har ein verdi på ca. 30.000 og er sponsa av Enivest.

Tanken er at trenar/kontaktperson og spelarar frå 11-12år - senior skal øve på hjerte-/lungeredning (HLR) og bruk av hjertestartar. Vi tek sikte på gjennomføring i løpet av dei neste vekene. Kurset vil så komme inn som fast tiltak i forkant av ny sesong

Thor Øivind og Annichen vil stå for praktisk gjennomføring av kurset på klubbhuset. Vi ser føre oss, så langt råd er, i samband med trening for laget. Treninga kan gjennomførast som vanleg, men 2-4 spelarar øver om gongen, slik at dei fleste har gjennomført kurset i løpet av treninga. Prosjektet startar opp i veke 38 og vil fortsette dei neste vekene til alle har gjennomført kurset.

Meir info. om prosjektet, trykk på linken under:

https://www.fotball.no/klubb-og-leder/sammen-redder-vi-liv-i-idretten/bli-med-a-redde-liv-pa-din-fotballbane/ 



Suksess for Tine fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Sep 2023

Selje IL arrangerte laurdag og søndag Tine fotballskule for 19.år på rad. Det deltok 60 spelarar, 36 jenter og 24 gutar. Selje IL takkar alle trenarar og andre medhjelparar for flott innsats og vel gjennomført fotballskule. 



DELTAKAR-LISTE, Selje Tine Fotballskule 2023, rev. pr.01.09

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Aug 2023

Selje IL arrangerer fotballskule for 19.år på rad, lør.02.09 - søn.03.09.

NB! Sjekk at du er registrert. Ta snarast kontakt ved evt. endringar (tlf. 95235627 / mail: ritahatlenes@hotmail.com) eller (tlf.99247687 / mail: post@seljefotball.no) 

Betaling ved påmelding/på førehand til Selje IL. Innbetaling til kontonr. 3845.07.10374 eller Vipps nr. 106986. Betalingsfrist innan onsdag 30.08. NB! Merk innbetaling med Tine fotballskule + namnet ditt!

Vi har endå plass til litt fleire deltakarar, meld frå snarast visst du vil delta.

Lørdag: oppmøte for registrering frå kl.10.30. Fotballskule frå 11.00-15.00

Søndag: fotballskule frå 10.00-14.00 (6-10år ferdig til kl.13.00)

Påmeldingsliste pr. 01.09 til Selje TINE-fotballskule 2023, sjå nedanfor

NAMN

ÅRSKULL

 

Linnea   Hamre

2009

Keeper

Daniel von Bonsdorff                                  

2011

Keeper

Live Flølo                                   

2013

Keeper

Janneke Eimstad

2013

Keeper

Phoenix Michael Liaris

2015

Keeper

Benjamin Blålid


Vilhelm von Bonsdorff                                

2014


2017

 Keeper

Ylva Kroken-Bruvoll                                    

2017

 

Jakob Ruud


Elida Flølo Drabløs                                     

2017


2016

 

Elsa Bortne                                

2016

 

Selma Otnes                                              

2016

1 dag   L

Tuva Flølo      


Luca Taklo                                 

2016


2016

 

Thea Mulen Rekdal

2015

 

Ragnheidur Freyja Finnsdottir Maack        

2015

 

Hannah Skårbø Maurstad                          

2015

 

Andrea Lykke Barmen

2015

 

Dina  Håberg Otnes

2015

 

Frederikke von Bonsdorff                           

2015

 

Monja Otnes                          

2014

1 dag   L

Malin Charlotte Wold

2014

 

Sofia Villard Austring

2014

 

Julie Lillesalt Silden

2014

 

Lilli Bortne                            

2014

 

Mali Hamre                             

2014

 

Barbara von Bonsdorff          

2014

 

Isabella Holme


August Ruud

2014


2014

 

William Alexander Nygård Brenntrø          

2013

 

Liam Skårbø Maurstad                  

2013

 

Othilie Kroken- Bruvoll                               

2013

 

Lukas Listhaug

2013

 

Nathaniel Nygård Brenntrø                        

2012

 

Colin Seljen

2012

 

Patrekur Finnson Maack                            

2012

 

Olai Flølo Drabløs                               

2012

 

August von Bonsdorff                                 

2012

 

Collin Kroken-Bruvoll                                  

2012

 

Malin Rundereim

2011

 

Andrine Nøstdal

2011

 

Fabian Barmen

2011

 

Mathias Kvamme                      

2011

 

Bastian Smenes                            

2011

 

Johanne Hatlenes Åbø

2011

 

Nora Riksfjord

2011

 

Leah Sofie Lammedal Venøy

2011

 

Miles Djupedal de Villiers

2011

 

Mari Salt

2011

1 dag  S

Ida Årvik Myklebust


Jessica Sigerland

2011


2011

 

Ylva Flølo Drabløs                                

2010

 

Michelle Arlen Kvamme                          

2009

 

Annica Nygård


Michell Årvik


Katrine Fure


Kasper Hatlenes Åbø                                 

2009


2009


2009


2009







1 dag  L

Felix Smenes                                     

2009

1 dag  L

Elias Sebastian Sjåstad Solheim               

2009

1 dag L

Egil Mathias Sjåstad Solheim                              

2008

1 dag L

 

 

 



Invitasjon: Selje Tine Fotballskule 2023, 2.-3.september

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Aug 2023

Selje IL arrangerer i år Tine Fotballskule for 19.gong på rad:

- lørdag  2.september kl.11.00-15.00

- søndag 3.september kl.10.00-14.00. Pga. tur v/Barnas Turlag på søndag så blir oppstart framskunda til kl.10.00 og 6-10år er ferdig innan kl.13.00)

- Påmeldingsfrist innan mandag 28.august. Sjå informasjon, prisar og invitasjon, trykk på linken under: Invitasjon Tine Fotballskule 2023.

- Betaling ved påmelding/på førehand til Selje IL konto 3845.07.10374 eller Vipps nr. 106986. Betalingsfrist innan onsdag 30.08. NB! Merk innbetaling med Tine fotballskule + namnet ditt!

Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen til fotballskulen vår! 

Sjå invitasjon og info., trykk på linken under:

Invitasjon Tine Fotballskule 2023, rev..pdf




Kampar Selje IL, haustsesong 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2023

Link til alle kampar Selje IL, seriespel HAUST-sesong 2023:

6.div. menn        Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=161938


3.div. kvinner     Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=36654

 

J10         Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=167403


J12         Selje/Stadlandet

 https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/terminliste/?fiksId=188824


J13/14         Selje/Flatraket

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=156691 


J15/17   Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=200835 

 

G10        Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=21663

 

G12        Stadlandet/Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=185241 


G13/14 Selje/Stadlandet/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=200832 


G15/17 Stadlandet/Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=55437






Fantastisk Seljecup!

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Jun 2023

Seljecup 2023, 9.-11.juni, vart ein kjempesuksess. Med rekordpåmelding (161 lag), eit prikkfritt arrangement frå a til å og strålande sommarvær  gjorde dette til ei fantastisk cuphelg. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på denne helga. 

Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og for alle flotte tilbakemeldingar som vi har fått. Vi takkar alle våre flinke dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det ikkje blitt så vellukka. Vel blåst og velkommen til Seljecup 2024, 14.-16.juni!


Nedanfor er klipp frå ulike nettstader om Seljecup 2023 (Fjordabladet, Fjordenes Tidende, www.haugenfotball.no):  

Fjordabladet:

foto

Eventyrleg – sol, sjø, sommar og Seljecup 


www.haugenfotball.no 

11.06 Sjå bilder frå Seljecup 2023


Eid sitt lag i klasse J12 etter seieren mot Sula.
Sjå bilder frå Seljecup laurdag 10. juni 

Selje Fotball arrangerar denne helga den tradisjonsrike Seljecupen. Det er  den 27. gongen at Seljecup blir arrangert.
Omlag 160 lag frå 31 forskjellige klubbar deltek i årets turnering.
Sjå bilder frå Seljecup laurdag 10. juni


Frå kampen mellom Måløy 2 og Volda Tiger i klasse G12.


Frå kampen mellom Emblem Hvit og Selje/Flatraket i klasse J14.


Fjordenes Tidende:

foto
SJÅ BILDA

Var du på Seljecup? Da er du kanskje på ett av disse bildene


foto
SJÅ BILDA

Stor fotballglede på tvers av klubbar og kommunegrenser 



foto
VIDEO

Sjå David teste «skillsa» mot ein av landets beste triksarar



foto
SJÅ BILDA

Cuphelga er godt i gang: Fredag var dei første i aksjon 


Rekordmange påmeldt til cupen: – Det er lag som ikkje har fått plass 














Trikseshow på Seljecup

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2023

Sindre Herre Hansen er på Seljecup på lørdag og fram til ca. 14.30 på søndag. Sindre vart nr.2 i sist NM. Sindre skal ha fleire trikseshow og lære bort triks. Velkommen til trikseshow!



Info. og program Seljecup 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mai 2023

Innsjekking ved blått klubbhus/klatrepark ved stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir vert følgde til overnattingsstad etter innsjekking.

Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2023 programhefte:

Cup-program 

 Fredag 9.juni

frå kl. 17.00                Mottaking/registrering av lag

frå 17.30-21.00           Klasse G15/16/17, serie og finalar. Kampar G12, J12.

kl. 20.00-ca.22.30       Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

 Laurdag 10. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

frå kl. 8.00                  Mottaking/registrering av lag

kl. 8.00-20.30             Klasse: G10, G11, G12, G13, G14, J10, J11, J12,  J13/14. Finalar G14. 

Frå ca. kl.12.00           Trikseshow laurdag og søndag

kl.12.00-15.00            Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

kl. 16.00-ca.20.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. Middag for overnattande lag med C-

                                   kort. 

kl. 17.30 -                   Karoke m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus

kl. 20.00-23.00            Cup-diskotek m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus. 

                                   Aldersgrense 10-16 år. Gratis for alle cupdeltakarar.    

Søndag 11. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje                                         lunchpakke.

kl. 8.00-13.30             Klasse: G10, G11, G12, G13, J10, J11, J12, J13/14. Finalar G13 og J13/14. 

kl. 13.00-ca.17.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. 


”Kongleriket”-turnering frå kl.13.45-18.00: 

frå kl. 13.00                Mottaking/registrering av lag i miniklasser 6-9år.

kl.13.45-18.00            ”Kongleriket”-turnering med 75 lag på 14 baner. Klasse: G6, G7, J6, J7 spelar 3-ar på 6 

                                   baner ved skulen. G8, G9, J8, J9 spelar 5-ar på 8 baner på stadion. 

                                   Fokus på frukt/grønt/sunn idrettsmat. 

Matallergi/C-kort: Vi ber om at de melder frå på førehand visst det er matallergiar o.l. som det må takast omsyn til. Kontakt: anne_britt_65@hotmail.com eller tlf. 95844684.

Aktivitetar/program på Seljecup 2023:  Trikseshow. Hoppeslott. Boblefotball. Radarmåling. Aktivitetar. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar.  Cupdiskotek. 

Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt v/skulen- Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag 




Kampoppsett Seljecup 2023, 9.-11.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mai 2023

Velkommen til Seljecup 2023!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 27.gong. Det har vore svært god påmelding også i år. Vi har teke inn så mange lag som råd, nokre lag har stått på vent og ikkje fått plass pga. fullt i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek ca. 160 lag på årets cup med over 1200 spelarar. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 9.-11.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2023, trykk på linken under:

10-17år: Kampoppsett for fredag 17.30-21.00, laurdag kl.8.00-20.30, søndag kl.8.00-13.30.  

6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" søndag frå 13.45- 18.00.

https://www.profixio.com/app/seljecup-2023

10-14år:  Kampoppsett er utlagt pr. 01.06, trykk på linken ovanfor

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld. 

G13:  Spelar serie på laurdag og søndag. Avslutning med finale/bronsefinale/5.-6.pl. på søndag.

G14 :  Spelar serie på laurdag. Avslutning laurdag kveld med finale/bronsefinale.

J13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, A- og B-sluttspel med finale/bronsefinale på søndag.

G15/16/17Kampoppsett er utlagt 06.06, trykk på link ovanfor.                                                                     Spelar dobbel serie fredag kveld.

Kongleriket 6-9 år: Kampoppsett er utlagt pr. 06.06, trykk på link ovanfor.

Kongleriket-turnering søndag 10.juni. 78 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-18.00.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant, Kunstgras ved skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion. 8år: bane 7-9.  9år: bane 10-14.

mvh 

Seljecup 2023

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)



Kampar Selje IL, vårsesong 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2023

Link til alle kampar Selje IL, seriespel vårsesong 2023:

6.div. menn        Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=161938

 

3.div. kvinner     Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=36654

 

J10         Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=167403

 

J12         Selje/Stadlandet

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=21816 

 

J14         Selje/Flatraket

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=156691 

 

J15/17   Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=200835 

 

G10        Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=21663

 

G12        Stadlandet/Selje

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=185241 

 

G13/14 Selje/Stadlandet/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=200832 

 

G15/17 Stadlandet/Selje/Åheim

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=55437


Seljecup 2023-"Kongleriket": Invitasjon og påmelding "Kongleriket" søndag 11.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Mai 2023

Klasser 6-9år "Kongleriket":  "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 11.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Invitasjon er sendt ut til klubbar/lag og påmelding er åpna. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside.

Påmelding, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2023

Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan fredag 19.mai

Velkommen til Seljecup!

Invitasjon som er sendt ut til klubbar og lag 03.05, sjå under:

Invitasjon Seljecup-Kongleriket søndag 11.juni.pdf



Invitasjon og påmelding Seljecup 2023, 9.-11.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Mar 2023

SELJECUP 2023, 9.-11.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 27.gong. Etter to år med avlysing pga. pandemien, så var det ei stor glede igjen å kunne arrangere Seljecup i 2022. Vi ser tilbake på ei fantastisk cuphelg i fjor med 144 deltakande lag. 

Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 9.-11.juni.

Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.

Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2023!

Sjå invitasjon og info: seljecup-invitasjon23.pdf

Påmelding, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2023

Klasser 10-17år:  Har åpna for påmelding, sjå link over! Påmeldingsfrist 25.april for alle klasser. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding. Faktura påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert. 

Klasser 6-9år "Kongleriket":  "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 11.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Invitasjon er sendt ut til klubbar/lag 03.05 og påmelding er åpna. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside.

Påmelding, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2023

Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan fredag 19.mai