13.04: Selje IL med flott feiring av "Klubbens dag"

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Apr 2014

Selje IL feira "Klubbens dag" på laurdag 12.april. Dagen starta kl.12.00 med lunch for inviterte gjester i klubbhuset. Kl.13.00 var det feiring  med offisiell opning av ny kunstgrasbane og utdeling av FairPlay-prisen 2013 til Selje IL. Pga. dårleg vermelding var programmet flytta frå stadion til gym.salen på Selje skule. Etter programmet i gym.salen var alle invitert til gratis kaffi/kaker i klubbhuset. Det dårlege veret gjorde at ein dessverre måtte avlyse barnefotball-turneringa, der lag frå Selje-Flatraket-Stadlandet-Åheim skulle delteke. Kl.16.00 spelte Selje - Flatraket/Selje 2 treningskamp (6-1 til heimelaget). Mange fann også vegen til samfunnshuset på kvelden, der Selje IL arrangerte dans med svingande musikk av Dr. Doc. Alt i alt ein svært vellukka "Klubbens dag" i Selje IL. Hjarteleg takk til alle som bidrog på arrangementa, og "Vel blåst!" Fleire bilder, sjå under.....

Stig Høines var på arrangementet: sjå www.haugenfotball med mange bilde + video frå feiringa....Sjå film frå markeringa i gymsalen på Selje skule. 

 

"Klubbens dag" starta med lunch på klubbhuset for inviterte gjester i lag med representantar for Selje IL. Anne-Britt/Svein Rekdal sørga for nydeleg rømmegraut m/spekemat og kaffi/kaker. Blomsterhelsingar med gratulasjonar frå naboklubbar: Flatraket, Stadlandet og Åheim. (foto: www.seljefotball.no)

 

 

 

 

 

Flotte kulturelle innslag på arrangementet i gym.salen:

Ronja Jahn på fiolin (foto: www.haugenfotball.no)

 

Bjørn Inge m/gode medhjelparar song: "Vi er Selje...." og "Sang av håp".

(foto: www.haugenfotball)

 

(foto: www.seljefotball.no) 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline