27.03: Selje IL feirar "Klubbens dag" laurdag 12.april

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mar 2014

Selje IL inviterer alle til "Klubbens dag" på Selje Idrettspark laurdag 12.april. Vi vil feire den flotte kunstgrasbana vår, og at Selje IL for andre år på rad er kåra til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane. Og det er mykje anna som skjer denne dagen.....  

kl.13.00: Utdeling av FairPlay-pris 2013 og off. åpning ny kunstgrasbane

ca.kl.13.45-16.00: Barnefotball-turnering. Kaffi/kaker i klubbhuset

kl.16.00: Treningskamp Selje - Flatraket/Selje 2

Åpen kiosk

Meir info. om programmet, les under........

Invitasjon til ”Klubbens dag”:

Arrangement og fotball-turnering i Selje laurdag 12.april

Selje IL inviterer til ”Klubbens dag” på Selje Idrettspark laurdag 12.april.

Vi vil feire den nye kunstgrasbana vår, og at Selje IL for andre år på rad er kåra til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane.

Program:

Kl.12.00: Lunch m/rømmegraut og spekemat for inviterte gjester i klubbhuset

Kl.13.00: Utdeling av årets FairPlay-pris 2013 til Selje IL og

offisiell opning av ny kunstgrasbane Selje Idrettspark

ca. frå kl.13.45-16.00:

Barnefotball-turnering på kunstgrasbana

Åpent hus med kaffi/kaker i klubbhuset

kl.16.00: Treningskamp Selje - Flatraket/Selje 2

Åpen kiosk.

I samband med off. opning av den nye flotte kunstgrasbana vår, som vart rehabilitert i 2013, inviterer vi våre gode naboar til å komme og spele kampar. Det er høve til å melde på 5-ar lag for gutar og jenter frå 7-12 år.

Om kvelden arrangerer Selje IL dans i Selje Samfunnshus. Musikk m/Strynebandet ”Dr. Doc”. Småbord, servering. Bill.200,- Aldersgrense 18år.

Velkommen til ein hyggeleg fotballdag i Selje!  helsing Selje IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline