19.12: Selje IL: Årets Fair Play-klubb igjen!

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Des 2013

I dag vart det klart at NFF har kåra Selje IL, for andre år på rad, som vinnar av årets FairPlay-pris. Selje IL takkar alle som kvar på sin måte har bidrege til at klubben vinn denne flotte prisen. Nedanfor kan du lese kva Fotballkretsen skriv på si side www.sffk.no   Selje IL fikk Fair Play Prisen også i 2012 og alle Fair Play vinnarane i klubben og leiar Atle Solheim kunne stolt ta imot ein vel fortent premie frå Per Ravn Omdal, NFF | Foto: Selje IL

SFFK gratulerer Selje IL som vinnar av Fair Play Prisen 2013!

Fair Play Prisen er ein høgthengande og prestisjefylt pris som delast ut av NFF og Norsk Tipping, og går til ein klubb i kvar krets som gjer eit strålande arbeid innan Fair Play.

Selje vant også prisen i 2012, og har gjennom fleire år hatt eit bevisst fokus på Fair Play verdiane i alle delar av klubbdrifta. Arbeidet med Fair Play er nedfelt i planverk og blitt systematisk fulgt opp av klubben.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna:

Selje er på mange måtar ein mønsterklubb, der medlemmane gir uttrykk for å vere oppriktig glade i klubben sin, bryr seg, og framsnakkar både kvarandre og andre klubbar på ein særs god måte.

Selje IL vart også i 2012 kåra til Årets Fair Play klubb i SFFK, og klubben har i fleire år jobba målbevisst med Fair Play. Fair Play er godt innarbeidd i planverk, og konkrete tiltak er skisserte, gjennomførte og planlagde  i tråd med handlingsplan. Som begrunning for si satsing på Fair Play, seier klubben følgande;

”Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.

Fokus på Fair Play gjev klubben eit betre verdigrunnlag. Det gjev eit signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar at klubben ynskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben”.

I 2013 har klubben rehabilitert kunstgrasbana og fått innfelt Fair Play logo langs sidelinja på eigen kostnad (!). Finst det makan i Noreg, mon tru? Over 60 personar i bygda jobba dugnad for å få på plass det flotte dekket, til glede for bygda og fotballen i Nordfjord-regionen.

Selje legg stor vekt på trivsel og fine rammar rundt heimekampane sine. Selje sitt A-lag for menn som spelar i 5.divisjon, følgjer SFFK sine retningslinjer for arrangement i 3.divisjon. Fast innmarsj  med lag og dommar, og kapteinane ber Fair Play Flagget mellom seg. Saman med inngangshymne, maskotar og presentasjon av laga, skapar dette ei fin ramme for kampane. Klubben har også motteke mange gode tilbakemeldingar frå gjestande lag for kamparrangementa sine.

Klubben synleggjer haldningsarbeidet sitt på ulike måtar; Fair Play skilt på stadion, Fair Play Flagg, spesialbestilte hjørneflagg, foreldrevettreglar på skilt og kampprogram, Fair Play logo på drakter, sesonghefte med informasjon om Fair Play, eige banner med Fair Play på nettside, haldningskontraktar, kapteinsbind, kåringar av Årets Fair Play Spelar både på seniornivå og i aldersbestemte klassar samt kampvertvestar, for å nevne noko av profileringa.

Av Fair Play-relaterte aktiviteter klubben har gjennomført, kan nevnast: Fair Play Kick off ved sesongstart,  Fair Play konkurranse i samarbeid med hovudsamarbeidspartnar på Selje Cup, generelt høgt Fair Play fokus på heimearrangement, Fair Play under TINE Fotballskule. Selje er i tillegg ein MOT-kommune og klubben samarbeider med kommunen om dette prosjektet.

I 2013 har klubben etablert eit tilbod om Fair Play –småbarnsklubb - eit tilbod om barnepass i klubbhuset v/trening og kamp. Det har ellers vore arrangert eigne Fair Play kveldar i alderbstemt fotball

Leiar i Selje, Atle Solheim, vart i 2012 heidra med sølvmedalje i UEFA si prestisjetunge kåring, ”UEFA Grasroot Leader”. Dette skapte mykje og god merksemd både lokalt og nasjonalt, og var samtidig ei flott heider av arbeidet som har vore lagt ned i klubben. Presidenten i NFF,Yngve Hallèn, ordførar i Selje og SFFK var tilstades under prisutdelinga.

Som Fair Play klubb i 2012 fikk Selje også besøk av Per Ravn Omdal. Ein fullsett kulturhus-sal tok del i feiringa og både ordførar og SFFK fekk vere tilstades. Alle Fair Play vinnarar i klubben var oppe på scena saman med Ravn Omdal og leiar i klubben, Atle Solheim. Kjempestas!

Om vegen vidare i Fair Play arbeidet, seier klubben følgande:

”FairPlay-arbeidet er noko ein aldri vert utlært på eller ferdig med. Fokuset må vere der heile tida på alle nivå i klubben. Det er eit mål at ”FairPlay-flagget” skal haldast oppe i alle samanhengar, og gå som ”ein raud tråd” gjennom alt klubben føretek seg”

Som vinnar av Fair Play Prisen, vil klubben på nyåret få besøk av NFF v/ Per Ravn Omdal, ein stor fotballprofil i norsk og internasjonal fotball som er sterkt engasjert i Fair Play, inkludering og internasjonalt humanitært engasjement. I tillegg får Selje IL tildelt kr.10.000,- frå Norsk Tipping samt Fair Play utstyr til klubben!

SFFK gratulerer Selje med Fair Play Prisen 2013, og ønskjer klubben lykke til vidare med Fair Play arbeidet!

Vi ønskjer også å gratulere dei andre nominerte klubbane i SFFK; Eikefjord, Vik og Jølster
for godt Fair Play arbeid i 2013!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline