21.09: Selje-Eikefjord 1-0

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Sep 2013

Selje tok i dag sin 9.strake seier på heimebane denne sesongen med 1-0 mot Eikefjord. Stillinga ved pause var 0-0. Jamnspelt, to gode lag og ein flott kamp som kunne gått begge vegar. Joachim Refvik vart matchvinnar med eit knallskot etter 83min spel. Dermed kunne heimelaget juble for ein ny seier og ei flott avsluting i siste seriekampen på heimebane for i år. Stig Høines var på kampen, sjå www.haugenfotball.no. Keeper Luke John Owen vart kåra til dagens Seljespelar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

foto: Stig Høines, www.haugenfotball.no 

Det vart ein jamn, spennande, god og Fairspelt kamp. Begge laga viste at dei er blant dei beste i divisjonen. Kampen kunne bikka begge vegar, men Selje halte seieren i land med ei flott scoring av Joachim Refvik frå ca.22m. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

foto: Stig Høines, www.haugenfotball.no

Det var to svært fornøgde Seljetrenarar, Ola Hove og Idar Taklo, etter å ha teke den 9.ande strake heimesigeren denne sesongen. Og i garderoben stod jubelen i taket etter kampen då spelarane kunne ta "sigersropet" sitt.  

83min     1-0    Joachim Refvik

Seljes lag: Luke Owen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Saron Osmundsvåg, Aleksander Kvernevik, Runar T. Aarsheim, Ole Andreas Solheim, Are Berstad, Jon Anders Gulbransen, Martin Grøttå, Joachim Refvik.

Benytta reservar: Kennet Honningsvåg, Andreas Teigen, Jan Kristian Apelseth

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Luke John Owen

Dommar: Andreas Sandal, Haugen IL

Ass.dommarar: Sureskumar Kathiravel, Eid IL og Stein Otto Førde, Breimsbygda IL.

Kampobservatør: Jan Magne Eide, TornadoMåløy FK


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline