01.09: Selje-TornadoMåløy 2, 4-2

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Sep 2013

Selje tok ein ny seier på heimebane i dag 4-2 mot TornadoMåløy 2. Stillinga ved pause var 1-1. Kampen kunne bikka begge vegar, men det var Selje som scora og fekk med seg alle poenga. Målscorarar: Joachim (2), "Oen", Magnus

4min    0-1    Tommy Larsen

32min   1-1    Ole Andreas Solheim

58min    2-1    Joachim Refvik

61min    2-2    Daniel Mork

73min    3-2    Joachim Refvik

90min    4-2    Magnus Rye

Dommar: Andreas Sandal, Haugen IL (Bildet: Andreas debuterte i 5.div. i dag)

Dommar veileder: Torstein Kvam, IL Jotun

Seljetrenar Ola Hove var fornøgd med ein ny heimeseier. "Vi var skuffande svake i starten av kampen og fekk ein tidleg baklengs. Men vi jobba oss opp, kom inni kampen og styrte bra etter kvart. Spesielt siste kvarteret av kampen var vi godt fornøgde med, hadde bra kontroll og kom til fleire sjansar der vi kunne punktert kampen".  

Seljes lag: Jon Anders, Johannes, Martin H, Aleksander K, Espen, Runar, Kristoffer, Ole Andreas, Are, Joachim, Martin G. Benytta reservar: Magnus, Jan Kristian

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal og Joachim Refvik

Tilskodartal: 71

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline