Treningsaktivitetar hausten 2013

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2013

I september startar treningane for ungdom og voksne opp igjen i samfunnshuset og gymsalen :-)

På tirsdag 3.september startar Zumba i samfunnshuset. Kl 19.30 kvar tirsdag fram til jul.
Klippekort Zumba Spesial kr. 500,- for 15 klipp. Drop-in kr. 50,-

Mandag 2.september blir det start for spinninga, også i samfunnhuset. Her kjem det booking- og avbestillingssystem på nett, meir info og likn til dette kjem litt uti veka.
Her kan det kjøpast klippekort i 3 ulike variantar, alle kan kombinerast med Zumba.
1: kr. 500,- for 13 klipp
2: kr. 1.000,- for 29 klipp
3: kr. 1.500,- for 50 klipp
Drop-in kr. 50,-
Bestiller du ein sykkel, må du betale for timen om du ikkje møter!!!

Pondus for herrar startar i gymsalen mandag 2.september kl. 20.00. Det vert trening på torsdagar til same tid.
Treningsavgift kr. 250,- i halvåret (gratis for dei som nyttar seg av tilbodet og betalar treningsavgift i samfunnshuset)

Cellulitten for damer er allereie igang, med treningar søndag og onsdag kl. 19.00
Treningsavgift kr. 250,- i halvåret (gratis for dei som nyttar seg av tilbodet og betalar treningsavgift i samfunnshuset)

Klippekorta får ein kjøpe mot kontant betaling på treningane.
Felles for alle treningane er at ein MÅ vere medlem i Selje Idrettslag!
Alle er velkomne :-)

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline