18.08: Selje Tine Fotballskule 30.-31.august

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2013

Selje IL arrangerer i år Tine-Fotballskule for 9.gong. Dato for årets fotballskule er fredag 30.august og laurdag 31.august. I år vil instruktørar/spelarar frå tippeligalaget Sogndaldelta. Påmeldingsfrist mandag 26.augustPåmelding: ninarefvik@hotmail.com / tlf: 47 86 18 92.            Meir info. og påmelding, les under.....


TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald. Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 9.gong på rad.

Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 30.august kl. 17.30-20.30

lørdag 31.august kl. 12.00-16.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2006) til og med 15 år (10.klasse, f.1998)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Umbro-fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding: Påmeldingsfrist seinast innan mandag 26.august!

Bindande påmelding, ”først til mølla….” Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

I samarbeid med vår hovudsponsor Sparebanken Vest, vil instruktørar/ spelarar frå tippeligalaget Sogndal delta på vår fotballskule.

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

Påmelding:

ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms: tlf. 47 86 18 92 …………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2013

Påmeldingsfrist: mandag 26.august!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.






0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline