27.06: Selje-Florø3, 3-1

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Jun 2013

Selje vann 3-1 mot Florø 3 i kveld, etter å ha leia 2-1 ved pause. Florø tok leiinga tidleg i 1.omgang, men Selje kom tilbake og sikra sigeren i ein jamnspelt kamp. Joachim Refivk vart dagens Seljespelar med hattrick, etter assist frå Ole Andreas Solheim på alle tre scoringane. Bildet: Andreas Kvernevik debuterte på heimebane i kveld, saman med tremålsscorar Joachim.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med tre poeng og ein bra kamp. "Vi tok ein viktig seier i dag, og eg synest vi gjer ein ok kamp. Fine scoringar etter godt spel, og gutane jobba godt i dag. Det var ein jamn kamp, men vi greidde å hale i land sigeren heldigvis. No har vi full pott på heimebane med 4 sigrar og 15-2 i målforskjell i vårsesongen. Men på bortebane lyt vi heve oss til hausten. No har vi like mange poeng som i fjor på same tid, og målet vårt om bli blant dei tre beste kan vere innan rekkevidde".

0-1    17min    Einar A. Alsaker

1-1    25min    Joachim Refvik

2-1    38min    Joachim Refvik

3-1    63min    Joachim Refvik

Dommar: Muhamet Barlla, Eid IL

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik

Selje: Andreas Kvernevik, Johannes Osmundsvåg, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Andreas Teigen, Runar T. Aarsheim (Alexander Hove frå 87min), Ole Andreas Solheim, Saron Osmundsvåg, Joachim Refvik, Jon Anders Gulbransen (Aleksander Kvernevik frå 74min), Are Berstad.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline