26.05: Selje-Hornindal 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mai 2013

Solid kamp av heimelaget i dag og fortent seier 5-1 mot Hornindal, etter god 1.omgang og leiing 4-0 ved pause. Meir om kampen, les hele saken...

Seljetrenar Idar Taklo var svært godt fornøgd med gjennomføringa av dagens kamp: "Vi spelte ein fantastisk 1.omgang med mykje flott fotball, og skapte 7 store målsjansar i tillegg til dei 4 måla. Vi lukkast ikkje så godt i 2.omgang, då hadde Hornindal justert seg litt, og vi fekk ikkje til same balltempoet som før pause. Men eg føler vi hadde god kontroll, og gjennomførte ein grei omgang".

"Eg synest heile laget gjorde ein flott kamp i dag, og unggutane våre fortset å utvikle seg. Juryen hadde mange spelarar å velje i når dei skulle kåre dagens Seljespelar. Den andre scoringa til Kenneth var verdt inngangsbilletten åleine. Han såg at keeper stod langt ute og smelte til frå midtstreken, ballen gjekk som eit prosjektil, i boge over keeper og i mål".

"Vi lova i kampprogrammet at vi skulle skape gode øyeblikk og opplevingar utover våren, og det fekk publikum i dag", avsluttar ein nøgd Seljetrenar. 

Kampfakta:

1-0    11min    Are Berstad

2-0    24min    Kenneth Pedersen

3-0    29min    Kenneth Pedersen

4-0    38min    Martin Grøttå

4-1    49min    Sturla Børge Lødøen

5-1    75min    Martin Grøttå

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster IL

Tilskodartal: 75

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Kenneth Pedersen

Selje: Erling Åbø, Martin Hove(Magnus Rye frå 75min), Saron Osmundsvåg, Andreas Teigen (Vegard Elde frå 36min), Johannes Osmundsvåg, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Martin Grøttå (Silviu Iacob frå 84min), Aleksander Kvernevik (Jonas Beitveit frå 46min), Are Berstad, Kenneth Pedersen


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline