05.04: Starta å ta av det gamle kunstgraset

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Apr 2013

Frå fredag morgon kl.8.00 til i kveld kl.20.00 har det vore full aktivitet på bana. Ein er no ferdig med å ta opp gummi frå bana. Tørt og fint ver har gjort at dette har gått veldig bra. Arbeidet med å ta av det gamle kunstgraset er kome godt i gong i dag. Masse dugnadsfolk har vore i drift i heile dag, og har lagt ned ein kjempeinnsats. Arbeidet med å ta av det gamle dekket vil fortsette utover helga, så sant veret ikkje stoppar det.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline