18.02: Ny kunstgrasbane i 2013

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Feb 2013

Selje IL rehabilterer kunstgrasbana i 2013. Det ekstraordinære årsmøtet i Selje IL onsdag 13.02 vedtok å ta opp lån i Sparebanken Vest for å finansiere utbygginga.. Årsmøtet fekk framlagt planer, kostnad og finansiering. Går alt slik ein satsar og håpar på, vert det byggjestart rett over påske, og nytt dekke på plass før 1.mai. Les meir under.....

Det var godt oppmøte på det ekstraordinære årsmøtet. Etter at leiar i Hovudstyret Adrian Mortensen hadde gjort unna alle formalia, la leiar i Fotballgruppa Atle Solheim fram saka for årsmøtet. Årsmøtet fekk ei grundig gjennomgåing av bl.a.:

- Kort historisk tilbakeblikk til 2003 då nye Selje Idrettspark vart bygd

- Datoar, møter, arbeid/utarbeiding av planer og tippemiddelsøknader det siste året

- Tilstandsrapport utarbeida av NFF i samarbeid med Selje IL, som konkluderer med at bana er sterkt slitt og treng rehabilitering

- Kostnadsoverslag og finansiering tippemiddelsøknad

- Tre tilbod frå leverandørar av kunstgras

- Selje IL sin økonomiske situasjon, rekneskap siste åra, status på ekst. lån, lånevilkår nytt lån og kva dei totale utgiftene blir for Selje IL kvart år framover

Det ekstraordinære årsmøtet gjekk, med 26 mot 1 røyst, inn for å rehabilitere kunstgrasbana i 2013 og ta opp lån i Sparebanken Vest.

Det skal nedsettast ei byggjenemnd for prosjektet som skal stå for vidare framdrift.




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline