02.09: Stryn2 - Selje 7-1

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Sep 2012

Stryn 2 vann heile 7-1 mot Selje i dag, etter å ha leia 2-0 ved pause. Meir om kampen, les under.....

Seljetrenar Idar Taklo var lite fornøgd etter kampen: "Vi kom raskt bakpå og Stryn scora tidleg 1-0. Dei fyrste 20minuttta vart vi rundspelte. Så tok vi oss litt opp og hadde ein god periode, men då gjekk Stryn opp til 2-0. I 2.omgang var vi dårlege, både på mottak og pasningar og ikkje minst så gjorde vi feil og ga vekk ballen så Stryn kunne kontre gong på gong. Vi prøvde etter kvart å legge oss bakpå og begrense nederlaget. Siste scoringa til Stryn kom etter 73 min, og Joachim scora eit trøstemål 3minutt på overtid.

Stryn stilte med eit sterkt og rutinert lag i dag, og var mykje betre enn oss. Dei var ballsikre og vi vart springande mykje mellom. Vi må berre legge kampen bak oss og sjå framover mot neste kamp", seier Taklo.

Seljes lag: Erling Åbø, Espen P. Åhjem, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Saron Osmundsvåg, Frode Nøstdal, Jan Vidar Smenes, Are Berstad, Martin Grøttå, Joachim Refvik, Runar T. Aarsheim.

Benytta reservar: Magnus Rye, Joachim L. Træet, Johannes Osmundsvåg.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline