Geir fortset som trenar for damelaget

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025

Selje/Åheim hadde ein sterk sesong i 2025 med 5.plass 3.div. kvinner. Selje IL er veldig glad for at Geir Nielsen vil ta eit nytt år som trenar. Geir har gjort ein viktig og flott jobb for jente- og damefotballen i mange år. Spelarstallen ser ut til å bli ganske identisk med i år, så alt lovar godt for vidare utvikling. Vi gledar oss til ein ny kjekk sesong med damefotball i Selje.  




Idar trenar Selje i 5.div.

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025

Selje hadde ein jubelsesong i 2025 med KM-tittel 6.div. menn og opprykk til 5.div. Selje IL er veldig glad for at Idar Taklo har takka ja til eit nytt år som trenar. Idar har gjort ein fantastisk jobb med laget i ei årrekkje og vil bli med vidare. Det blir ein spennande sesong med fleire nye motstandarar og helgakampar. Klubben satsar på ein ny god sesong, og det ser lyst ut i høve spelarstall og motivasjon for å bidra i 5.div. 




Maj Britt ny styremedlem NFF Sogn og Fjordane

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Maj Britt Aam Hamre vart på kretstinget innvalt som nytt medlem i kretsstyret NFF Sogn og Fjordane. Maj Britt har hatt ei svært aktiv rolle i Selje IL ca. 20år. Ho har tidlegare m.a. vore dommar og dommaransvarleg i ei årrekkje. Pr. i dag er ho medlem i Hovudstyret, ansvarleg for klubbhus, speaker på seniorkampar og div. andre oppgåver/tiltak i klubben.  Maj Britt fekk tildelt fotballkretsen Blå diplom i 2015. 

Selje IL gratulerer og ynskjer lukke til med arbeidet i fotballkretsen!

Sjå også kva fotballkretsen skriv på si nettside: Nytt styremedlem i fotballkretsen - Norges Fotballforbund




Grønt merke til Anne-Britt

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

NFF Sogn og Fjordane har tildelt Anne-Britt Drabløs Rekdal grønt merke med diplom. Denne høgthengande utmerkinga blir gitt til personar som både har hatt ei aktiv rolle i klubben og fotballkretsen.

Selje IL: Anne-Britt har i over 25år vore svært aktiv i Selje iL gjennom ei rekkje verv, aktivitetar og tiltak. Vi nemner blant anna: 10år medlem Fotballgruppa, 17 år som kontaktperson aldersf.lag og senior, 8 år som dommarkontakt, ansvarleg matkomite Seljecup i 21år, medlem Hovudstyret i 10år. I tillegg aktiv deltakar på div. arrangement, dugnader, inntektsbringande tiltak, kamparrangement osv.

NFF Sogn og Fjordane: 14år som medlem i valkomiteen.

Selje IL gratulerer Anne-Britt - ein verdig vinnar av grønt merke med diplom.







Årets dommar

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Selje IL har satsa mykje på dommarutvikling dei siste åra. Det har gitt gode resultat med stor auke i antal klubb- og rekruttdommarar. I 2024 vart Selje iL kåra til årets dommarklubb i NFF Sogn &Fj.

I 2025 har Per Martin Grytting blitt kåra som årets dommar i Selje IL. 

Vi gratulerer med velfortent pris!