Reglement og dispensasjonar
- Overårige/dispensasjonar: Spelar som i seriespel har godkjent løyve/dispensasjon kan delta , jmfr. Breiddereglement NFF §2.3 "Bruk av spillere som ikke oppfyller alderskravene for den aktuelle årsklasse".
På 7ar/5ar/3ar lag maksimum 1 spelar overårig/med dispensasjon på bana samtidig.
I særlege tilfelle kan cupen innvilge unntak frå reglane. Vi minner om at bruk av spelarar med overårig spelar er siste utveg, ikkje for å styrke laget sportsleg, men for å gje den einskilde spelar eit tilbod.
- Samansette lag i kretsserien: må saman med påmeldinga vedlegge stadfesting frå eigen krets om at laget også spelar som eit samansett lag i kretsserien.
- Ein spelar kan berre spele på eit lag i same klasse.