Seljecup 2024 - andre opplysningar
* Tradisjonsrik og populær cup, der det er lagt til rette for at både barn og vaksne kan kose seg. Overnatting, mat og alle aktivitetar er samla i og omkring Selje Idrettspark.
* Flott kunstgrasbane gjev gode speletilhøve.
* Cupdiskotek m/ DJ laurdag kveld i Selje Samfunnshus.
* Kiosk, kafe/serveringstelt og fruktsal. Grilling laurdag og søndag ettermiddag. Våre kokkar syter for framifrå matservering.
* Eit rikhaldig program utanom kampane med ulike aktivitetar.
* Selje har mykje å by på sommarstid som t.d. Seljesanden, Selje kloster, Vestkapp, Dragseidet, surfing i Hoddevik, fjelltur i merka turløyper, fiske, golf eller andre ting.
BUA, i Selje sentrum, med utlån av aktivitetsutstyr til born, ungdom og familiar.
Ta med familien, og sett av denne helga til eit besøk i kystperla Selje!