Velkommen til Seljecup 2023, 9.-11.juni!

Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og svært populære cup blir i år arrangert for 27.gong. Etter pandemi og avlysing i 2020 og 2021, så var det ei stor glede i 2022 å kunne arrangere Seljecup igjen. Vi kan sjå tilbake på ei svært vellukka cuphelg i fjor med 144 deltakande lag, og mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar.
Laga som deltek på Seljecup kjem hovudsakleg frå Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Hordaland. Noko av det som gjer Seljecup populær er at kampar, overnatting, matservering og alle aktivitetar føregår i og omkring Selje Idrettspark. Kamptidspunkta vert så langt råd tilpassa reiseavstand og ynskje frå klubbane. Vi gjer merksam på at vi må sette ei øvre grense for kor mange lag som kan delta i turneringa. Det løner seg difor å vere tidleg ute med påmeldinga, ”først til mølla......”
Vi håpar på ein ny cupsuksess med fotball, vennskap og glede. La oss alle hjelpe kvarandre til FairPlay både på og utanfor bana. Selje IL har i mange år hatt stort fokus på FairPlay. På bakgrunn av dette har klubben fire gonger vorte kåra til ”Årets FairPlay-klubb” i Sogn og Fjordane. Seljecup har også fokus på FairPlay, noko som vil vise igjen under cupen.
Velkommen til årets fotballfest i Selje!