OVERNATTING:

* Seljecupens overnatting C-kort (må bestillast saman med påmeldinga) kr.950,- pr. stk:

Det brukar å vere stor rift om overnattingsplassane. Cupens populære C-kort inkluderer alt: deltaking, overnatting frå fredag til søndag, alle måltid, cupdiskotek, aktivitetar m.m. 

Overnattingsstader i Selje sentrum: Selje skule, Selje barnehage, klubbhus og evt. andre lokaler.

Andre aktuelle overnattingstader utanfor Selje sentrum: Stadlandet skule ca. 20min og Moldestad grendahus ca. 10min.. 


* C-kort kr.950,-: Inkluderer alt: deltaking, overnatting, måltid, aktivitetar, cupdiskotek m.m. Gjeld både for spelarar og leiarar.

Overnatting på skule, barnehage og andre lokaler fredag til søndag (alle må ha med liggjeunderlag og sovepose). 5 måltid vert servert i Selje Samfunnshus v/stadion: fredag kveldsmat, laurdag frukost/lunsj/middag (middag laurdag vert servert i kafeteltet), søndag frukost + lunsjpakke.

Deltakarpremie. Med i trekninga av gåvepremiar. Gratis adgang til cupdiskotek laurdag kveld.

Rabattert C-kort: For lag som bur utanfor sentrum gjev vi kr.200,- i rabatt pr. C-kort som kompensasjon for logistikk/ekstra køyring osv. Pris rabattert C-kort kr.750,- pr. stk. Meld gjerne frå ved bestilling av tenester visst de ynskjer å bu utanfor sentrum.

Vi reknar med at dei fleste overnattande lag kjem fredag kveld. Dersom laget ikkje ynskjer å komme før laurdag, må dette i tilfelle meldast frå om så tidleg som mulig.

* Privat overnatting (må bestillast direkte med overnattingsstaden):

Nettstad/informasjon om overnatting og mykje anna: http://www.hjartestad.no 

Stad turistinformasjon/Selje: tlf. 40 44 60 11     Stad kommune sentralbord: tlf. 57 88 58 00 

MAT: 

Matservering Seljecup 2024

* Matallergi: Vi ber om at de melder frå ved påmelding/på førehand visst det er spelarar/leiarar som har matallergiar o.l. som det må takast omsyn til. Kontakt ansvarleg matservering C-kort/B-kort: Anne-Britt D. Rekdal.           Mail: anne_britt_65@hotmail.com                Tlf: 95844684


* B-kort kr.650,- (kun matkort): Måltid vert servert i Selje Samfunnshus v/stadion. Middag laurdag vert servert i kafeteltet.

B-kort er mulig å bestille for føresette, søsken og andre som er med laget, men som ikkje har C-kort/overnatting. B-kort gjeld kun for mat, ikkje for deltaking på cupen.


* Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt v/stadion – Fruktsal – Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag.