Seljecup 2022 - andre opplysningar


    * Tradisjonsrik og populær cup, der det er lagt til rette for at både barn og vaksne kan kose seg. Overnatting, mat og alle aktivitetar er samla i og omkring Selje Idrettspark.

    * Flott kunstgrasbane gjev gode speletilhøve.

    * Cupdiskotek laurdag kveld. Gratis for alle med C-kort, andre betaler kr. 50,-.

    * Kiosk, kafe/serveringstelt og fruktsal. Grilling laurdag og søndag ettermiddag. Våre kokkar syter for framifrå matservering.

    * Eit rikhaldig program utanom kampane med ulike aktivitetar. 

    * Selje har mykje å by  på sommarstid som t.d. Seljesanden, Selje kloster, Vestkapp, Dragseidet med Olavskrossen, surfing i Hoddevik, fjelltur i merka turløyper, fiske, golf eller andre ting. BUA, i Selje sentrum, med utlån av aktivitetsutstyr til born, ungdom og familiar.

    Ta med familien, og sett av denne helga til eit besøk i kystperla Selje!