Klipp/reportasjar frå årets Seljecup
Postet av Selje IL den 24. Jun 2025
Nedanfor er linkar til ulike nettstader med omtale av årets cup:
* Fjordenes Tidende
* Fjordabladet
* haugenfotball
Vi takkar alle for god omtale og reportasjar frå Seljecup 2025.
Fjordenes Tidende:
Ekte fotballglede og eit yrande folkeliv - fjt.no
Ekte fotballglede og eit yrande folkeliv
Det var eit yrande liv på de mange fotballbanene under Seljecup i helga. Her er nokre fleire glimt frå fotballfesten.

https://www.fjt.no/sport/i/RzAB3x/hoppa-hoegt-den-siste-dagen-gjennomfoerte-203-kampar
Hoppa høgt den siste dagen: Gjennomførte 203 kampar
147 av desse kampane var i miniputturneringa der dei aller yngste i alderen 6 til 9 år fekk vise seg fram på kunstgraset. Her får du nokre bildeglimt frå den siste dagen.

Her bles dei i gamle stereotypiar: – Det er eit veldig godt miljø - fjt.no

Her bles dei i gamle stereotypiar: – Det er eit veldig godt miljø
Aldri før har det vore fleire kvinnelege dommarar i Selje idrettslag eller i sving under Seljecup.
Desse jentene var spenn klare for cup - fjt.no

Desse jentene var spenn klare for cup
Dag to av Seljecup er snart ved vegs ende etter 136 gjennomførte kampar. Her får du nokre bildeglimt frå laurdagens fotballfest.
– Vi skal spele mot eit mørelag
– Vi skal spele mot eit mørelag - fjt.no
Den 29. Seljecup-en i rekka blei sparka i gang med ni oppgjer fredag kveld. Det blei ei god oppvarming for både spelarar og arrangørar før dei resterande 339 kampane skulle spelast laurdag og søndag.

Fjordabladet
https://www.fjordabladet.no/sport/i/nye45a/fotballfest-i-selje-kunne-ikkje-blitt-betre
Fotballfest i Selje: – Kunne ikkje blitt betre
– Det er magisk når ein får slike dagar, seier arrangør Atle Solheim frå Selje IL.

https://www.fjordabladet.no/nyhende/i/93J8j9/maatte-seie-nei-til-mange-lag
Måtte seie nei til mange lag
Seljecup aldri vore større enn det var i år, og for arrangør Atle Solheim er det både gledeleg og krevjande.

https://www.fjordabladet.no/sport/i/Xjk9XB/no-brakar-det-laust
No brakar det laust
Fredag sparkast Seljecup i gang med over 170 påmelde lag og 1300 spelarar.

16.06 Sjå bilder frå Seljecup 2025 |
|
Selje Idrettslag har denne helga arrangert den tradisjonsrike Seljecupen. Det er den 29. gongen at Seljecup har blitt arrangert. 173 lag frå 34 forskjellige klubbar har vore med på årets turnering. Nokre bilder frå sluttspelkampane og miniputturneringa søndag 15. juni er no lagt ut her på nettsida. Sjå bilder frå sluttspelkampar Seljecup søndag 16. juni. Sjå bilder frå miniputturneringa under Seljecup søndag 16. juni. |
|
Resultat sluttspel-klasser Seljecup 2025
Postet av Selje IL den 24. Jun 2025
J13
nr.1 Vigra
nr.2 Hødd
nr.3 Sandane
nr.4 Måløy
nr.5 Måløy 1
J14
nr.1 Vanylven
nr.2 Stadlandet/Selje
nr.3 Måløy
nr.4 Sandane
G13
A-sluttspel:
nr.1 Bergsøy raud
nr.2 Stadlandet
nr.3 Langevåg 1
nr.4 Langevåg 2
B-sluttspel:
nr.1 Bergsøy kvit
nr.2 Tambarskjelvar
nr.3 Valldal
G14
nr.1 Selje
nr.2 Langevåg
nr.3 Sandane
nr.4 Tambarskjelvar
nr.5 Larsnes
Seljecup er topp!
Postet av Selje IL den 24. Jun 2025
Seljecup 2025, 13.-15.juni, vart ein ny kjempesuksess og ei fantastisk cuphelg slik vi alle hadde håpa på. 173 lag frå 35 klubbar og ca. 1300 spelarar deltok på årets fotballfest.
Vi er glade og stolte over korleis arrangementet vart gjennomført, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre flinke dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, nokre regndropar på søndag formiddag la ingen dempar på cupfesten. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på.
Ei stor takk til sponsorar som støtta aksjon "Kampen mot barnedemens", slik at 800 armband kunne delast ut til deltakarar. I tillegg var det svært mange som kjøpte armband i løpet av cuphelga. Sjå videohelsing utlagt på Fjordenes Tidende: Sender ei spesiell helsing til cup-arrangørane - fjt.no
Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting, og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup.
Vi ynskjer hjarteleg velkommen til 30-årsjubileum: Seljecup 2026 12.-14.juni!
Info. og program Seljecup 2025
Postet av Selje IL den 6. Jun 2025
Info. og program Seljecup 2025
Innsjekking: ved blått klubbhus/klatrepark på stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir vert vist til overnattingsstad etter innsjekking.
Programhefte m/info. trykk linken under her:
Programhefte Seljecup 2025.pdf
Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2025 programhefte:
Fredag 13.juni
frå ca. kl. 17.00 Mottaking/registrering av lag
19.00-20.30 Kampar J10, J11, J12, G11, G14
kl. 20.00-ca.22.30 Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort
Laurdag 14. juni
kl. 7.00-10.00 Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort
frå kl. 8.00 Mottaking/registrering av lag
kl. 8.00-21.00 Klasse: G10, G11, G12, G13, G14, J10, J11, J12, J13, J14
Frå ca. 12.00 Trikseshow laurdag og søndag
kl.12.00-15.00 Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort
kl. 16.00-ca.20.00 Grillselskap, servering av grillmat. Middag for overnattande lag med C-kort.
17.30- «Scenen er din»/karoke med DJ John Erik Strøm i Selje samfunnshus
20.00-23.00 Cup-diskotek m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus. Aldersgrense 10-14 år. Gratis for alle cupdeltakarar.
Søndag 15. juni
kl. 7.00-10.00 Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje lunchpakke.
kl. 8.00-14.00 Klasse: G10, G11, G12, G13, G14, J10, J11, J12, J13
kl. 13.00-ca.17.00 Grillselskap, servering av grillmat.
”Kongleriket”-turnering 6-9år, kl.13.45-ca.18.00:
frå kl. 13.00 Mottaking/registrering av lag i miniklasser 6-9år.
kl.13.45-ca.18.00 ”Kongleriket” miniputt-turnering på 14 baner. G6, G7, J6, J7 spelar 3-ar på 6 baner m/vant ved skulen. G8, G9, J8, J9 spelar 5-ar på 8 baner på stadion.
Aktivitetar/program på Seljecup 2025: Trikseshow. Hoppeslott. Boblefotball. Fotballradar. Aktivitetar. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar. Cupdiskotek.
Serveringstilbod: Kiosk v/tribuna – Kafetelt v/skulen - Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag
Seljecup skapar gode minner! Velkommen til Seljecup!
Kampoppsett Seljecup 2025, 13.-15.juni
Postet av Selje IL den 1. Jun 2025
Velkommen til Seljecup 2025!
Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 29.gong. Påmeldinga til årets cup har vore rekordstor. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd er. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Totalt ca.170lag, i klasser frå 6-14år, deltek på årets Seljecup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 13.-15.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!
Sjå kampoppsett Seljecup 2025, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2025
10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 01.06.
G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld.
G13, G14, J13, J14: Seriespel og avsluttande finale/bronsefinale. Sjå info. utsendt til laga pr. mail 01.06.
6 - 9år: Kampoppsett for Kongleriket søndag, er utlagt pr. 09.06.
Kongleriket-turnering søndag 15.juni. 83 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-18.10.
G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant. Kunstgras ved skulen.
G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion.
med vennleg helsing
for Seljecup 2025
Atle Solheim
mail: post@seljefotball.no
(tlf. 992 47 687)