Kampoppsett Seljecup 2026, 12.-14.juni
Postet av Selje IL den 2. jun 2026
Velkommen til Seljecup 2026!
Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til 30års-jubileum for Seljecup. Påmeldinga til årets cup har vore større enn nokon gong. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd er. Veldig mange lag har stått lenge på venteliste, men det har dessverre ikkje vore mogeleg å få med fleire. Dette pga. fullbooka i høve kampavvikling, overnatting m.m. Totalt over 190 lag, i klasser frå 6-16år, deltek på årets Seljecup.
Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 12.-14.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Det har vore svært utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar! Vær obs på at for å optimalisere oppsettet i klasse 10-14år er det mange kampar der lag frå ulike puljer er mixa.
Sjå kampoppsett Seljecup 2026, trykk på linken under:
10 - 16år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 02.06.
G10, G11, G12, J10, J11, J12: Seriespel. Sjekk om ditt lag også har kamp fredag kveld.
G13, G14, J13: Seriespel og sluttspel. G14: nokre lag har kamp fredag kveld.
G15/16: Spelar kampar fredag kveld.
6 - 9år: Kampoppsett for Kongleriket søndag 14.juni (etter at Hovudturneringa er ferdig)
Kampoppsett vert lagt ut ca. ei veke før turneringa. Kongleriket-turnering søndag 14.juni. Rekordpåmelding med heile 93 lag. Kampane blir spelt på 15 baner søndag ettermiddag.
G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-7 med vant. Kunstgras ved skulen.
G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion.
Siste fra Selje IL
Seljecup 2026, 12.-14.juni: 30-årsjubileum
26.11.2025
Klipp/reportasjar frå årets Seljecup
24.06.2025
Resultat sluttspel-klasser Seljecup 2025
24.06.2025
Seljecup er topp!
24.06.2025
Info. og program Seljecup 2025
06.06.2025