Fantastisk 30-årsjubileum for Seljecup!

Postet av Selje IL den 21. jun 2026

Seljecup 2026 12.-14.juni: feira 30-årsjubileet med ei fantastisk cuphelg. Ny deltakarrekord med 194 lag frå 37 klubbar og ca. 1400 spelarar deltok på fotballfesten. 

Vi er glade og stolte over korleis arrangementet vart gjennomført, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre flinke dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått.  Etter usikre værprognosar i forkant spelte til og med værgudane på lag med Seljecup så vi slapp unna regnet, litt kald vind la ingen dempar på cupfesten. 

Ei stor takk til våre hovudsponsorar for Seljecup: Sparebanken Norge og Coop Extra. I tillegg til andre sponsorar som støtta cupen med annonse i programheftet. 

I fjor hadde Seljecup fokus på "Kampen mot barnedemens". I år er blikket retta mot det viktige arbeidet som Barnekreftforeningen gjer. Cuplotteriet der alle inntekter går uavkorta til Barnekreftforeningen selde godt under cupen. Vi takkar alle klubbar som har gitt fotballdrakt til lotteriet. Trekningsdato er 28.juni, vinnarar vert kontakta.

Vi rettar også ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting, og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Takk også til private som stilte opp med husvære. Utan alle dokke hadde ikkje så mange kunna delteke på fotballfesten.

Vi takkar alle deltakarlaga for flott innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei fine tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup. 

Takk for i år og velkommen tilbake om eit år til ny cup!