Kampoppsett Seljecup 2024, 14.-16.juni

Postet av Selje IL den 2. Jun 2024

Velkommen til Seljecup 2024!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 28.gong. Påmeldinga til årets cup har vore større enn nokon gong. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek 174 lag totalt på årets cup, noko som er ny deltakarrekord. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 14.-16.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore særs utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2024, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2024 

10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 02.06.                                      Revidert oppsett utlagt 12.06. Endra oppsett i G13/14 pga. trekt lag                            + enkelte små endringar i G10, J10, G11, G12.   

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld. 

G13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, serie + finalerunde på søndag.

J13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, A-, B- og C-sluttspel på søndag.

6 - 9år: Kampoppsett for "Kongleriket" søndag, er utlagt 10.06. 

Kongleriket-turnering søndag 16.juni. 82 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-17.50.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant, Kunstgras ved skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion. 8år: bane 7-11.  9år: bane 12-14.

med vennleg helsing

Seljecup 2024

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)