SELJECUP 2020 ER AVLYST!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Apr 2020

Regjeringa har bestemt at alle kultur- og idrettsarrangement er avlyst fram til 15.juni.   

Det betyr at årets Seljecup må avlysast. Trist for alle som har gleda seg til cup, men slik vart det, helse og tryggleik må gå fyrst. 

Lag som evt. har betalt inn påmeldingsavgift osv. vil få dette refundert. 

Vi satsar på ny Seljecup i juni 2021, og ynskjer alle velkomne tilbake då!



Invitasjon og påmelding til Seljecup 2020, 12.-14.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Mar 2020

KORONA: Vi inviterer til Seljecup og åpnar for påmelding, sjølv om situasjonen er svært usikker på kva som vil skje frå mai og utover våren. Invitasjon/påmelding er under føresetnad av at det vil vere råd å arrangere Seljecup 12-14.juni. Dersom Seljecup må avlysast på eit seinare tidspunkt pga. koronatiltak, så vil vi refundere alle innbetalingar av lagsavgift og deltakaravgift.

SELJECUP 2020: Selje IL har igjen gleda av å ynskje velkommen til vår populære og tradisjonsrike cup. Helga 12.-14.juni håpar vi på ein ny flott fotballfest i Selje! I fjor vart det sett ny deltakarrekord med nesten 160 lag, meir enn 1200 spelarar frå over 30 klubbar.  Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.

Vi ynskjer alle velkommen til å melde seg på til Seljecup 2020!

Sjå invitasjon og info: seljecup-invitasjon20-lav.pdf

Påmelding trykk på linken under:  

https://www.profixio.com/reg/seljecup-2020




Koronaviruset: NFF avlyser all breiddeaktivitet ut april

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2020

Til alle lag Selje IL, Fotball:

All breiddeaktivitet i NFF avlysast ut april. Det gjeld all trening, kampar, cupar osv. 

Dette gjeld også alle krets-/sonetiltak osv.

Informasjon er utsendt til alle lag i Selje IL.

Meir info. sjå: www.sffk.no eller www.fotball.no 


Trykk på linken under for info.

Breddeaktiviteter stoppes ut april 




Velkommen til Chatlet Sport 1 Nordfjordeid, 2.-7.mars, til klubbdagar Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Feb 2020

Selje IL har inngått samarbeidsavtale med Chatlet Sport 1 på Nordfjordeid som leverandør av klubbutstyr.

Chatlet inviterer medlemmer i Selje IL til klubbdagar hjå Chatlet Sport i veke 10, mandag 2. - laurdag 7.mars.

Desse dagane kan ein som medlem i Selje IL sjå fram til 

- 30% på klubbtekstil og klubbvarer frå Umbro

- 20-70% på alle fotballsko frå Umbro, Nike, Puma og Adidas

samt -20% på øvrige ordinære varer i butikk

(gjeld ikkje sykkel og sportselektronikk, der gjeld eigne kampanjeprisar)


Merk at det utvida medlemstilbodet gjeld kun desse dagane!

Chatlet Sport 1 håpar så mange som mogeleg tek turen innom for ein hyggeleg handel!

Stort utval. Gode prisar. Gunstige avtalar. Rask levering. Topp oppfølging.

Eige trykkeri - vi hjelpet med profilering, logoar og namnetrykk.




Akademi: JENTER lørdag 07.03 kl.12.00-13.30, GUTAR lørdag 07.03 KL.13.30-15.00, Akademi vinter 2020

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Feb 2020

Oppstart lørdag 15.02 kl 12.00 i gym.salen. Visst det er fleire som vil vere med er det berre å komme!

Selje IL, Fotball arrangerer akademi for jenter/gutar f. 2004-2009. Marko Tanasic er trenar. Oppstart akademi helga 15.-16.februar. Akademiet varer fram til påske. Påmelding til Marko innan fredag 14.februar. Meir info. sjå linken under....

Invitasjon Akademi vinter 2020.docx


Søndag gutter:

Sigurd 

 

Per Martin  

 

Kevin    

 

Muhamed 

 

David   

 

Rikardur 

 

Kasper 

Felix

 

Lørdag:

 

Sandra  

 

Tina 

 

Ana Caroliny 

Cornelia  

 

Ingeborg  

 

Amalie 



Seljecup 2020, 12.-14.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Jan 2020

Seljecup vert i 2020 arrangert for 26.gong på rad. Cuphelga i år er 12.-14.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut mot slutten av februar. 

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har for lenge sidan begynt å få henvendelsar med spørsmål om årets cup. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse inntil vidare: seljeil@online.no og/eller atle.steinar.solheim@stad.kommune.no

Tlf. 99247687