Seljecup 2022, 10.-12.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Nov 2021

Vi gledar oss til å kunne ynskje velkommen til Seljecup igjen. Seljecup vert i 2022 arrangert for 26.gong, helga 10.-12.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut i februar. 

Seljecup feira i 2019 25.års jubileum med deltakarrekord og ei strålande cuphelg. Seljecup 2020 og 2021 måtte avlysast pga korona. 

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har begynt å få henvendelsar med spørsmål om Seljecup 2022. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass før ordinær påmelding osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse: seljeil@online.no  

Tlf. 99247687 





Seljecup 2021, 11.-13.juni. AVLYST!

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mar 2021

Oppdatering pr. 27.05:

Det er bestemt at "Kongleriket-turneringane" 13.juni ikkje kan gjennomførast pga. koronarestriksjonane. Dermed er Seljecup også i 2021 avlyst.

Vi satsar på å kunne ynskje velkommen til Seljecup i 2022!

 

Oppdatering pr. 09.05.21: 

Koronasituasjonen gjer at Seljecup uansett ikkje kan arrangerast på vanleg måte i 2021. 

Håpet pr. no er at årets Seljecup kan bli fotballkretsen si "Kongleriket-turnering" for spelarar 6-9år søndag 13.juni. Men også dette er usikkert endå, og vi må avvente styringssignal i høve arrangementet. Enn så lenge håpar vi på turnering.....


12.03.21:

Vi håpar å kunne arrangere Seljecup for 26.gong helga 11.-13.juni. Koronasituasjonen gjer at vi inntil vidare har avventa utsending invitasjonar osv. 

Søndag 13.juni er Selje IL tildelt fotballkretsen si "Kongleriket"-turnering for spelarar 6-9år som avslutning av årets Seljecup. 

Utviklinga og retningslinjer framover i høve korona vil avgjere korleis og kva format Seljecup vil ha dette året. Enn så lenge håpar vi på Seljecup....