Årets FairPlay-spelarar

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Des 2024

Selje IL har stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne NFF Sogn&Fjordane sin FairPlay-pris fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre. 

På årsfesten 05.12 vart desse kåra til årets FairPlay-spelar i 2024:

J15/17: Cassandra Nalbant Nordpoll

J13/14: Ylva Flølo Drabløs

G13/14: Bastian Smenes

J11: Heile laget

Selje IL gratulerer verdige vinnarar!







Blå diplom til Sofie

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Des 2024

Sofie Refvik Hove vart tildelt blå diplom på fotballkretsen si miljøhelg. Sofie har vore aktiv som spelar, trenar, dommar og på arrangement som Seljecup m.m. i mange år. Selje IL gratulerer med velfortent utmerking. 






Årets dommarklubb 2024

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Des 2024

På Miljøhelg NFF Sogn og Fjordane vart Selje IL-fotball heidra med flotte utmerkingar. Selje IL vart kåra som årets dommarklubb. Sofie Refvik Hove vart tildelt fotballkretsen sin blå diplom. Selje IL vart sertifisert som kvalitetsklubb.

Selje IL-fotball, årets dommarklubb 2024:


Evy-Ann Rye Aarseth, dommaransvarleg Selje IL-fotball:





Årsfest torsdag 5.desember

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2024

Selje IL-fotball og B/U inviterer til Årsfest torsdag 5.desember på klubbhuset: 

* Lag 6-11år:  17.30-19.00

* Lag 12-17år: 19.15-21.15

  Invitasjon årsfest 2024.doc





Info. Deltakingsavgift 2024

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2024

Til aktive og føresette Selje IL:

Deltakingsavgift 2024:

Selje IL, fotball sender ut faktura for deltakingsavgift 2024, for barn/ungdom 6-17år og senior.

Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL.

Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.

Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.

Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
 
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon.  Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.

Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.

Med vennleg helsing

Selje Idrettslag, fotball