04.05: Eid 2 - Selje 0-2

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2012

Selje tok sin andre strake seier for sesongen, då laget vann 2-0 mot Eid 2 på Eid Idrettspark i kveld. Stillinga ved pause var 0-0....meir om kampen les under og sjå bilder på www.haugenfotball.no    Bildet: Målscorarar i dagens kamp

Selje kom best i gong og hadde nokre store sjansar fyrste kvarteret av kampen. Eid kom betre med, tok meir over kampen utover omgangen, og hadde også sine sjansar. Jamn 1.omgang og  0-0 ved halvtid.

Selje kom best i gong også i 2.omgang og fekk etterkvart eit lite overtak, men utan å skape dei heilt store sjansane. Joachim Refvik som skapte mykje i dag, spesielt i 2.omgang, kom åleine gjennom på eit av sine mange raid midt i 2.omgang. Skotet gjekk i Eidkeeper Jim Rune Hoddevik og i stolpen. Omgangens største sjanse så langt. I det 71min nytt raid på venstrekanten av Joachim Refvik. Eit perfekt innlegg som Espen P. Aahjem kunne breiside i mål frå 3-4 meter.

Kampen var på ingen måte avgjort, og det unge Eida-laget jobba for utlikning. Men det skulle bli Selje som igjen scora og avgjorde kampen etter 86min. Ein godt slått corner frå Andreas Teigen, heada Jan Vidar Smenes kontant i nærmaste hjørne. Dermed 0-2 og Selje tok sin andre strake seier for sesongen. Joachim Refvik var i periodar "eit angrep åleine" og fleire spelarar la ned "manns jobb". Vi vil også framheve Are Berstad (som enno ikkje har fylt 15år),debuterte sist helg og spelte ein god kamp i dag.  

Selje sine trenarar, Ola Hove og Idar Taklo, var godt fornøgde med ein ny 3-poengar og ingen baklengs for andre kamp på rad. "Vi var gode fyrste kvarteret og skapte sjansar, før Eid tok over og vi vart springande mykje i mellom. I 2.omgang hadde vi god kontroll defensivt, og vi fekk dei to måla som skulle til for å bikke kampen i vår favør. Kjekt med seier for andre helg på rad, " seier Idar Taklo.

Kampfakta:

0-1    71min    Espen P. Aahjem    (assist Joachim Refvik)

0-2    86min    Jan Vidar Smenes    (assist/corner Andreas Teigen)

Seljes lag: Erling Åbø, Andreast Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Are Berstad, Martin Hove, Jan Vidar Smenes, Joachim L. Træet, Joachim Refvik, Espen P. Aahjem (Vegard Elde frå 81.min)

Dommar: Jeiki Jegathesan, Florø SK


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.