09.12: FANTASTISK INSPIRASJONSKVELD I SELJE

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Des 2011

Onsdag kveld fekk dei ca. 55 frammøtte ein flott inspirasjonskveld, då Sparebanken Vest og Selje IL arrangerte "Mi framtid i Selje". Les meir under....(bildet:føredragshaldarane Rasmus Moe og Geir Kåre Resaland) 

Sunnivasalen på Selje Hotel var fylt opp med forventningsfulle tilhøyrarar på arrangementet "Mi framtid i Selje". Kvelden starta med ein kort presentasjon av "Selje IL-ein klubb i utvikling", frå fortid til notid og utfordringar framover, v/Atle Solheim.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DDeretter overtok Geir Kåre Resaland med temaet "Folkehelse-fysisk aktivitet i  kvardagen". Her fekk tilhøyrarane mykje ny kunnskap og ting til ettertanke, av ein som verkeleg veit kva han snakkar om. Idrettslaget sin fantastiske innsats også i eit folkehelseperspektiv vart sterkt understreka.

Etter ein kort pause hadde Rasmus Moe siste del av kvelden. Eit kraftfullt og engasjert føredrag "Dønn ærleg" handla om bl.a identitet, å vere glad og stolt av heimplassen sin, om lokalt ansvar og om synergiar av lokalt engasjement og handel.

Ein fantastisk kveld! Deltakarane gjekk fornøgde, inspirerte og engasjerte frå samlinga. Tilbakemeldingane etter kvelden har vore strålande.

Selje IL rettar ei stor takk til Sparebanken Vest for at vi fekk til dette arrangementet i Selje.

Vi håpar å få lagt ut foilar frå føredraga, vert her på sida seinare........... 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.