25.06: Stryn-Selje 6-3

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Jun 2008

Stryn vann 6-3 mot Selje, etter å ha leia 3-0 ved pause. Selje reduserte til 3-2 i 2.omgang og skapte ei stund ny spenning i kampen....  Stryn kom i føringa heilt frå start, med 1-0 alt etter 5min. spel. Eit knallskot frå Per Ole Tenden gjekk inn heilt oppe i vinkelen. Berre to minutt etter heada Trond Leirgulen inn 2-0. Når så same mann la på til 3-0 etter 15min., byrja dette å sjå stygt ut for Selje. Men fleire scoringar vart det ikkje denne omgangen, og Stryn leia komfortabelt til pause, sjølv om Selje kom betre med etter kvart.

Etter 61min spel scora Trond Hamre med eit skot i lengste hjørnet for keeper, og dermed 3-1. Selje var no på offensiven. Trond Hamre kom åleine mot keeper Odd Helge Losnegård og scora sikkert etter 72 min. Dermed ny spenning i kampen, og Selje hadde meldt seg på igjen for alvor. To kjappe Stryn-scoringar ti minutt seinare punkterte kampen. I det 81.min ved Asbjørn Tenden og i 83. min på straffe ved Per Ole Tenden.  
To minutt på overtid reduserte Endre Kupen til 5-3 etter eit godt skot frå 17meter i det lengste hjørnet. Endre Kupen var nær endå ei scoring tidlegare i 2.omgng, då han slo eit frispark i tverrliggaren.
Asbjørn Tenden fastsette så sluttresultatet til 6-3 etter 94min.
Seljetrenar Idar Taklo var godt fornøgd med kampen trass tapet, men synest at fleire av måla kom for lett imot. "Både det andre og tredje målet kjem t.d. etter personlege feil. Stryn er effektive og vi blir hardt straffa. Vi taper til slutt med tre mål, men vi er godt med og spelar bra fotball i periodar og kunne hatt fleire mål, sjølv om vi i periodar slit litt med presisjonen. På 3-2 skapte vi ny spenning i kampen ei stund. Det var ikkje noko slagent lag som gjekk i garderoben etter kampslutt, for vi hadde hatt ei god oppleving. Eg vil berømme heile laget for heilhjerta innsats og god moral. Vi skal ta med oss det positive inn i haustsesongen", seier Idar Taklo.  


Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Alexander Wik, Kristoffer Hove, Martin Hove, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Jon Aage Riksfjord, Runar Aarsheim, Endre Kupen, Werner Kupen.

Benytta reservar: Trond Hamre for Runar Aarsheim frå 61.min, Atle Riksfjord for Jon Aage Riksfjord frå 66min.
Ubenytta reservar: Aleksander Kvernevik, Ken Olav Kupen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.