04.09: Trafikk-sikringskurs fredag 7.sept

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2007

Selje IL, Fotball arrangerer "Sikringskurs i bil", for trenarar/leiarar/seniorspelarar/andre, fredag 7.sept. kl. 18.00 på Selje skule. Dette skjer i samarbeid med Trafikkstasjonen på N.eid, og er ei oppfølgjing av klubbens tiltaksplan for trafikk-trygging (sjå under). 

 


Tiltaksplan for

Selje IL, Fotballgruppa

”Klubben vår og trygg transport”

TRAFIKKTRYGGINGSPLAN

frå 2007

                                      

 

SFFK har i samarbeid med Statens Vegvesen i fleire år hatt tiltak retta mot å auke tryggleiken i samband med kampar og trening. Målet er 0 skadde, 0 drepne.

 

Selje IL, Fotball har inngått avtale med SFFK og fadderklubb Eid IL om å sette auka fokus på trafikktrygging frå og med  sesongen 2006. I samband med dette har klubben utarbeida ein trafikktryggingsplan, som skal gjelde for alle lag i klubben.

 

Tiltaka i planen vil venteleg auke bevisstgjeringa rundt trafikktryggleik, og verke haldningsskapande både blant dei aktive, foreldre og andre som er i klubben.

 

 

 

Aldersfastlagde klasser 11-16 år:

Etter kvart, og seinast frå sesongen 2008, skal trafikktryggingsplanen gjerast gjeldande også for miniklasser 7-10 år.

 

* Ved køyring til kamp eller turnering skal:

            - laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport

- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid

- bilane køyre samla

            - alle vere sikra med bilbelte

            - førar ha hatt sertifikat i minst 1 år

            - ikkje sette barn under 140 cm framme i bilen der det er montert airbag

 

* Treningar/heimekampar:

I mørketida haust/vinter stiller lagleiar/trenar krav om at dei som:

- går har på refleks/refleksvest når det er mørkt

- syklar brukar sykkelhjelm og brukar lys når det er mørkt

Lagleiarar skal utføre uanmeldt kontroll på oppfølgjing av reglane etter fastsett plan.

Visst ikkje utøvaren kan oppfylle krava sjølv, er det foreldretransport.

- klubben tilpassar så langt råd treningstider mellom kl.17.00-19.30, slik at dei høver med buss til/frå Flatraket

 

Seniorklasser:

* Spelarar deltek på sikringskurs i regi av trafikkstasjonen

* Ved køyring til kamp eller turnering skal:

            - laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport

- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid

- bilane køyre samla

            - alle vere sikra med bilbelte

            - førar ha hatt sertifikat i minst 1 år

            - det nyttast buss/maxitaxi ved lengre reiser, evt. i kombinasjon med privatbilar 

 

* Treningar/heimekampar:

            - ha fokus på trygg transport og sikring

 

 

Klubben:

* invitere alle lagleiarar/trenarar til kurset ”Sikring i bil” i regi av trafikkstasjonen før sesongstart 2007. Ved skifte av lagleiarar/trenarar skal desse få tilbod om kurset. Klubben arrangerer kurs ved behov.

* alle privatsjåførar får utdelt transportskjema slik at dei vert fokusert på sikring

* trafikktryggingsplan og reglar som gjeld for klubben skal delast ut til alle lagleiarar/trenarar

* informasjon om trafikktryggingsarbeidet i klubben takast med i sesongheftet og leggast ut på klubbens heimeside

* inviterer Statens Vegvesen til stand i samband med Seljecup

* styret i Fotballgruppa, i samarbeid med ansvarleg kontaktperson, har det overordna ansvar for planen

 

 

 

 

Selje 6.oktober 2006                         for styret

Selje IL, Fotballgruppa

                                                          

Atle Solheim

                                                           -leiar-

 

 

 

 

 
Selje IL, Fotball 2007

 

Transportskjema til kampar og turnering:

 

Gruppe/lag:________________________________         

 

Transportdato:__________________

 

Kampstad:_________________________________

 

Privatbilar_________            Taxi_________          Buss___________

 

 

Ved foreldretransport/privatbilar, antal køyretøy:__________________

 

Namn på sjåførar:     ___________________________________________

                                   ___________________________________________

                                   ___________________________________________

                                   ___________________________________________

                                   ___________________________________________

                                   ___________________________________________

 

Har alle sjåførar fått informasjon om køyreinstruks?   JA______     NEI______

 

 

Aldersfastlagde klasser 11-16 år:

 * Ved køyring til kamp eller turnering skal:

            - laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport

- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid

- bilane køyre samla

            - alle vere sikra med bilbelte*

            - førar ha hatt sertifikat i minst 1 år

            - ikkje sette barn under 140 cm framme i bilen der det er montert airbag

 

Seniorklasser:

* Ved køyring til kamp eller turnering skal:

            - laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport

- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid

- bilane køyre samla

            - alle vere sikra med bilbelte*

            - førar ha hatt sertifikat i minst 1 år

            - det nyttast buss/maxitaxi ved lengre reiser, evt. i kombinasjon med privatbilar 

 

 

* Bilbeltebruk:          - ikkje plassere trepunktsbeltet under armen

                                    - ikkje plassere trepunktsbeltet bak ryggen

- etterstramme beltet slik at beltet ligg tett inntil kroppen, over hoftekammen og over skuldra


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.