Juletre: bestilling/sal
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Nov 2025
Tradisjonen tru så vert det sal av juletre også i år. Flotte juletre frå Jølster!
Edelgran: kr.600,-
Omorika kr.400,-
Vanleg gran: kr.400,-
Bestillingsliste på Coop Prix og MIX.
Kontaktpersonar Selje IL: Per Jarle tlf. 90762928 / Steffen tlf. 41465058
Sal og utlevering av bestilte juletre v/stadion:
Fredag 12.12: kl.18.00-20.00
Lørdag 13.12: kl.14.00-16.00
Søndag 14.12 til jul: Kontakt Per Jarle tlf. 90762928 eller Steffen tlf. 41465058

Info. deltakingsavgifter 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Nov 2025
Til aktive og føresette Selje IL:
Deltakingsavgift 2025:
Selje IL sender ut faktura for deltakingsavgift 2025, for barn/ungdom 6-17år og senior.
Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL. Deltakingsavgifta er den same som i fjor og har vore uendra sidan 2022.
Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.
Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.
Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon. Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.
Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.
Med vennleg helsing
Selje Idrettslag
Årsfest tysdag 9.desember
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Nov 2025
Selje IL-fotball og B/U-gruppa inviterer til Årsfest for aldersfastlagde lag og turn, tysdag 9.desember på klubbhuset:
* Lag 6-10år: 17.30-19.00
* Lag 11-17år: 19.15-21.00
KM-finale G13/14, lør.25.10 kl.16.00, Selje-Bjørn/Hafslo
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Okt 2025
Velkommen til KM-finale G13/14. Kom og støtt laget vårt!
G13/14 vann avdeling 4 (9ar) etter ein strålande sesong og spelar sluttspel om KM-tittel.
Kamp 1 lør. 18.10: Bjørn/Hafslo - Askvoll/Holmedal 2 : 1 - 6
Kamp 2 lør. 25.10: Selje - Bjørn/Hafslo :
Kamp 3 lør. 01.11: Askvoll/Holmedal 2 - Selje :

Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Okt 2025
Årets siste kamp for damelaget vårt er:
fredag 17.10, kl.19.00: Selje/Åheim-Sogndal1
Møt opp og støtt laget! Velkommen på kamp!

Selje/Åheim jublar etter 6-2 seier på bortebane mot Sandane 03.10. Foto: haugenfotball