Geir fortset som trenar for damelaget

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025

Selje/Åheim hadde ein sterk sesong i 2025 med 5.plass 3.div. kvinner. Selje IL er veldig glad for at Geir Nielsen vil ta eit nytt år som trenar. Geir har gjort ein viktig og flott jobb for jente- og damefotballen i mange år. Spelarstallen ser ut til å bli ganske identisk med i år, så alt lovar godt for vidare utvikling. Vi gledar oss til ein ny kjekk sesong med damefotball i Selje.  




Idar trenar Selje i 5.div.

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025

Selje hadde ein jubelsesong i 2025 med KM-tittel 6.div. menn og opprykk til 5.div. Selje IL er veldig glad for at Idar Taklo har takka ja til eit nytt år som trenar. Idar har gjort ein fantastisk jobb med laget i ei årrekkje og vil bli med vidare. Det blir ein spennande sesong med fleire nye motstandarar og helgakampar. Klubben satsar på ein ny god sesong, og det ser lyst ut i høve spelarstall og motivasjon for å bidra i 5.div. 




Maj Britt ny styremedlem NFF Sogn og Fjordane

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Maj Britt Aam Hamre vart på kretstinget innvalt som nytt medlem i kretsstyret NFF Sogn og Fjordane. Maj Britt har hatt ei svært aktiv rolle i Selje IL ca. 20år. Ho har tidlegare m.a. vore dommar og dommaransvarleg i ei årrekkje. Pr. i dag er ho medlem i Hovudstyret, ansvarleg for klubbhus, speaker på seniorkampar og div. andre oppgåver/tiltak i klubben.  Maj Britt fekk tildelt fotballkretsen Blå diplom i 2015. 

Selje IL gratulerer og ynskjer lukke til med arbeidet i fotballkretsen!

Sjå også kva fotballkretsen skriv på si nettside: Nytt styremedlem i fotballkretsen - Norges Fotballforbund




Grønt merke til Anne-Britt

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

NFF Sogn og Fjordane har tildelt Anne-Britt Drabløs Rekdal grønt merke med diplom. Denne høgthengande utmerkinga blir gitt til personar som både har hatt ei aktiv rolle i klubben og fotballkretsen.

Selje IL: Anne-Britt har i over 25år vore svært aktiv i Selje iL gjennom ei rekkje verv, aktivitetar og tiltak. Vi nemner blant anna: 10år medlem Fotballgruppa, 17 år som kontaktperson aldersf.lag og senior, 8 år som dommarkontakt, ansvarleg matkomite Seljecup i 21år, medlem Hovudstyret i 10år. I tillegg aktiv deltakar på div. arrangement, dugnader, inntektsbringande tiltak, kamparrangement osv.

NFF Sogn og Fjordane: 14år som medlem i valkomiteen.

Selje IL gratulerer Anne-Britt - ein verdig vinnar av grønt merke med diplom.







Årets dommar

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Selje IL har satsa mykje på dommarutvikling dei siste åra. Det har gitt gode resultat med stor auke i antal klubb- og rekruttdommarar. I 2024 vart Selje iL kåra til årets dommarklubb i NFF Sogn &Fj.

I 2025 har Per Martin Grytting blitt kåra som årets dommar i Selje IL. 

Vi gratulerer med velfortent pris! 




Blå diplom til Rita og Therese

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Rita Hatlenes og Therese Lien Smenes er begge tildelt NFF Sogn og Fjordane sin blå diplom for langvarig innsats i Selje-fotballen. Begge har i over 10år hatt ei aktiv rolle i Selje IL.

Rita: Fleire år som trenar og kontaktperson for aldersf.lag, medlem Barne-/Ungdomsgruppa, medlem servicekomite Seljecup, ansvarleg drakter aldersf.lag, medarrangør Tine Fotballskule. I tillegg aktiv deltakar på div. andre oppgåver og tiltak.

Therese: Fleire år som trenar og kontaktperson for aldersf.lag, medarrangør Tine Fotballskule, Seljecup. I tillegg aktiv deltakar på div. andre oppgåver og tiltak. Skal også nemnast at Therese har ei aktiv rolle i Selje Challenge og Saltrim.

Selje IL gratulerer med velfortente utmerkingar! 




Årets FairPlay-vinnarar

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025

Selje IL har stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne NFF Sogn og Fjordane sin FairPlay-pris fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre.

Selje IL gratulerer verdige vinnarar som årets FairPlay-spelarar i 2025:

J12: Live Tretteteig Flølo

J13/14: Leah Sofie Venøy Lammedal

J15/17: Tomine Fylling Silden

G13/14: Iver Gunnarson Rundereim

G15/17: Dennis Johansen Kupen

6.div. menn: Jakob Hessevik

3.div. kvinner: Emma Wold Haugland

















3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2025

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Des 2025

3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2025

Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. Damelaget enda på ein sterk 5.plass i seriespel 3.dv.          Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.

Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten: 


Årets spelar, toppscorar og treningstopp: Guro Lesto Larsen

                              

Årets FairPlay-spelar: Emma Wold Haugland


Årets unge spelar: Michell Årvik




6.div. menn Selje IL: Kåringar 2025

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Des 2025

6.div. menn Selje IL: Kåringar 2025  

Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga.  A-laget har hatt ein jubelsesong med KM-tittel og opprykk til 5.div.

Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.

Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten: 

                                      

Årets spelar og årets toppscorar: Kristoffer Rundereim

                                                

Årets FairPlay-spelar: Jakob Hessevik


200 obl. kampar: Kristoffer Hove


200 obl. kampar, årets treningstopp: Aleksander Kvernevik


100 obl. kampar: Ingo da Silva


Årets unge spelar: Kasper Hatlenes Åbø