Klubbveke Chatlet Sport1 Eid, 05.04-11.04

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mar 2026

Chatlet Sport1 Eid inviterer samarbeidsklubbar til klubbveke tysdag 5.april - laurdag 11.april. 

Medlemmer i Selje IL kan då nyte godt av ekstra gode tilbod/rabattar i butikken, sjå invitasjon under...

Klubbveke invitasjon Selje IL.pdf




Flott oppstart UEFA Playmakers

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mar 2026

I samarbeid med fotballkretsen arrangerte Selje IL-fotball oppstart av UEFA Playmakers på torsdag. Vårin Ness frå fotballkretsen hadde fyrst møte med trenarar og medhjelparar på klubbhuset, før demoøkt i gym.salen med ein god gjeng ivrige jenter f.2017-2020. Som avslutning på økta fekk spelarane med seg eventyrpass, der dei kan lese og teikne frå økta, der historia i Disney-filmen om Vaiana var utgangspunktet.  Klubben fortset UEFA Playmakers med fleire økter etter påske. 

Sjå også kva kretsen skriv på sine facebooksider...





Med på økta hadde vi også Anna og Vlada frå Ukraina som trenarar. Dei to 15-åringane har aldri spela fotball sjølve, men bidrog strålande inn i økta, og ikkje minst: dei gler seg til å vere med vidare i UEFA Playmakers! 


Sjå kva kretsen skriv på si facebook-side:

Kretsen har vore i Selje i dag for gjennomføring av UEFA Playmakers, og for ein start det var🙌
Vår representant frå kretsen, hadde saman med flinke trenarar i Selje, ein god gjennomgang av teori og ei økt som viste korleis ein kan planlegge og gjennomføre Playmakers-økter.
Med på økta hadde vi også Anna og Vlada frå Ukraina som trenarar. Dei to 15-åringane har aldri spela fotball sjølve, men bidrog strålande inn i økta, og ikkje minst: dei gler seg til å vere med vidare i UEFA Playmakers! 🌟
Dette handlar om meistring, inkludering og idrettsglede, og Selje er no godt i gang!



Leiarkurs 1 i Selje, tysdag 7.april

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Mar 2026

I samarbeid med NFF Sogn&Fjordane arrangerer Selje IL,fotball leiarkurs 1: 

Tid/stad: tysdag 7.april kl.17.00-ca.22.00 på klubbhuset i Selje.

Kurshaldar: Kristian Ask

Under er litt info. om leiarkurs 1, meir info. er å finne på fotballkretsen si nettside.

Påmelding i linken under, innan søndag 5.april:

https://www.minidrett.no/kurs/21406580

Mvh

Selje IL, fotball

Atle Solheim


Fotball leiar-1 utdanning:

Målgruppe:

Kurset henvender seg til alle leiarar og trenarar i fotballfamilien og tek sikte på å etablere ei brei og felles forståing for leiarrolla, forstå klubben sin utgangspunkt, idretten sine rammar – og kvifor det er så viktig med ein heilhetsstyrt klubb der «klubben er sjef».

Læringsmål:

Deltakarane skal etter gjennomføring av dette kurset ha tileigna seg kunnskap om og fått forståing for at godt organiserte klubber med riktig kompetanse i alle ledd er den viktigaste forutsetninga for meir og betre aktivitet.

Tid: 

3 timar e-læring + 6timar teori 

 

 




To dommarkurs i Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Mar 2026

På lørdag 28.febr. arrangerte Selje IL to dommarkurs: obligatorisk klubbdommarkurs for G/J 13-14år og rekruttdommarkurs. Kurshaldar var Kim Andre Refvik. Dommaransvarleg Selje IL: Evy-Ann R. Aarseth.




UEFA Playmakers

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mar 2026

Pga. sjukdom måtte oppstart 12.03 utsettast. NY DATO FOR OPPSTART ER:

TORSDAG 26.MARS, KL.17.30-18.30 I GYM.SALEN!

Selje IL arrangerer UEFA Playmakers i samarbeid med NFF Sogn&Fjordane. Tiltaket er for jenter f.2020-2017. Moro, leik og fotball med utgangspunkt i Disney-filmen "Vaiana" brukast i øktene. Det vert i alt 8 treningsøkter utover våren. Vi ynskjer også nye spelarar velkomne til å delta. Tiltaket er gratis å delta på.

Oppstart torsdag 12.mars kl.17.30-18.30 i gym.salen.

Filmen "Vaiana" vert vist på klubbhuset mandag 9.mars kl.17.00-ca.18.30.

Sjå meir info. på invitasjonen under.

Velkommen!




Invitasjon og påmelding Seljecup 2026, 12.-14.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mar 2026

SELJECUP 2026, 12.-14.juni: Selje Idrettslag har gleda av å ynskje velkommen til 30-årsjubileum for Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 30.gong. Vi kan sjå tilbake på ei fantastisk cuphelg i 2025 med rekorddeltaking, over 170 lag og 1300 spelarar. Vi takkar for alle gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok. 

Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 12.-14.juni.

Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld... I fjor var det mange lag som ikkje fekk plass pga. sprengt kapasitet i høve overnatting og/eller kampavvikling.

Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2026!   Seljecup 2026, invitasjon.pdf

Påmelding i Profixio, trykk på linken under:

Seljecup 2026 - Profixio

Klasser 10-16år:  Har åpna for påmelding, sjå link over! Siste påmeldingsfrist: innan 25.april. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding og legg inn ca. antal (antal kan vd behov endrast seinare). Rabatt C-kort gjeld for dei som har overnattingsstad utanfor sentrum. 

Klasser 6-9år "Kongleriket":  "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 14.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan 20.mai

                                                          Seljecup 2026: 30-årsjubileum