Hjertestartar-prosjekt

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2023

Selje IL har tidlegare i år fått innvilga søknad om å bli med på fotballkretsen sitt «Hjertestartar-prosjekt» (i tillegg til 3 andre klubbar i Sogn og Fj).  Dette er eit viktig tiltak som alle før eller seinare kan få bruk for, og gje auka tryggleik på trening/kamp og fritid.

Vi har no motteke alt utstyret: hjertestarter, øvingsdokke, øvings-hjertestarter m.m. Utstyret har ein verdi på ca. 30.000 og er sponsa av Enivest.

Tanken er at trenar/kontaktperson og spelarar frå 11-12år - senior skal øve på hjerte-/lungeredning (HLR) og bruk av hjertestartar. Vi tek sikte på gjennomføring i løpet av dei neste vekene. Kurset vil så komme inn som fast tiltak i forkant av ny sesong

Thor Øivind og Annichen vil stå for praktisk gjennomføring av kurset på klubbhuset. Vi ser føre oss, så langt råd er, i samband med trening for laget. Treninga kan gjennomførast som vanleg, men 2-4 spelarar øver om gongen, slik at dei fleste har gjennomført kurset i løpet av treninga. Prosjektet startar opp i veke 38 og vil fortsette dei neste vekene til alle har gjennomført kurset.

Meir info. om prosjektet, trykk på linken under:

https://www.fotball.no/klubb-og-leder/sammen-redder-vi-liv-i-idretten/bli-med-a-redde-liv-pa-din-fotballbane/ 




Suksess for Tine fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Sep 2023

Selje IL arrangerte laurdag og søndag Tine fotballskule for 19.år på rad. Det deltok 60 spelarar, 36 jenter og 24 gutar. Selje IL takkar alle trenarar og andre medhjelparar for flott innsats og vel gjennomført fotballskule.