Kategori
Arkiv
Invitasjon og påmelding Seljecup 2026, 12.-14.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mar 2026
SELJECUP 2026, 12.-14.juni: Selje Idrettslag har gleda av å ynskje velkommen til 30-årsjubileum for Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 30.gong. Vi kan sjå tilbake på ei fantastisk cuphelg i 2025 med rekorddeltaking, over 170 lag og 1300 spelarar. Vi takkar for alle gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok.
Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 12.-14.juni.
Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld... I fjor var det mange lag som ikkje fekk plass pga. sprengt kapasitet i høve overnatting og/eller kampavvikling.
Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2026! Seljecup 2026, invitasjon.pdf
Påmelding i Profixio, trykk på linken under:
Klasser 10-16år: Har åpna for påmelding, sjå link over! Siste påmeldingsfrist: innan 25.april. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding og legg inn ca. antal (antal kan vd behov endrast seinare). Rabatt C-kort gjeld for dei som har overnattingsstad utanfor sentrum.
Klasser 6-9år "Kongleriket": "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 14.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan 20.mai
Seljecup 2026: 30-årsjubileum
