Vellukka Fotballeiarkurs

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Apr 2026

Fotballeiarkurs 1 i Selje! 

Fotballkretsen skriv dette på si facebookside:

Selje IL var ein strålande arrangør då FLK-1 vart gjennomført, med deltakarar frå ulike roller i både Selje IL og Måløy FK. Kurset er første steg i utdanningsstigen til Norges Fotballforbund for leiarar i norsk fotball.
Samlinga heldt høg kvalitet, mykje takka vere kompetente, opne og delaktige deltakarar som bidrog til gode diskusjonar og refleksjonar. Ramma rundt kunne knapt vore betre – med fantastisk natur og solskinsvêr i vakre Selje.
Vår KA Klubbutviklar ønskjer å rette ei stor takk til Selje IL for arrangementet – og til alle deltakarane for innsatsen!
Dersom din klubb er nysgjerrige på - eller ønskjer å arrangere eit klubbnært kurs som Selje, kan Kristian kontaktast på: Kristian.ask@fotball.no