07.02: GJE EI GÅVE TIL "RISNAKKEN-PROSJEKTET"
Postet av Selje IL - Fotball den 7. Feb 2009
GJE EI GÅVE TIL ”RISNAKKEN-PROSJEKTET”
Selje IL byggjer trapp/sti til Risnakken. I prosjektet inngår også lys og tre rasteplassar. Det praktiske arbeidet med løypa vart oppstarta i byrjinga av september og er i godt gjenge. Alle er velkomne til å vere med på dugnad framover (tlf. 91329996 / 90202586).
Prosjektet har alt fått stønad frå Gjensidigefondet, Sparebanken Vest og Selje Sanitetsforening. Selje IL har også søkt om tippemidlar til prosjektet.
Vi treng no meir kapital for å realisere prosjektet. Vi utfordrar difor både private og bedrifter til å vere med og støtte dette flotte tiltaket ved å kjøpe trappetrinn. Pris pr. trappetrinn er sett til kr.250,-. Dersom t.d. ein familie kjøper fleire trinn, kan de gjerne skrive namna på kvart familiemedlem som kjøper trinn.
Kjøp trappetrinn og ver med på finansieringa av ”Risnakken-prosjektet”. Det er planlagt ei tavle ved starten av løypa med namn på alle bidragsytarar.
”Risnakken-løypa” vil verte ein ny attraksjon i Seljebygda, og bli til stor nytte og glede både for fastbuande og tilreisande.
Hjarteleg takk for di støtte!
Helsing Selje Idrettslag
- prosjektgruppa-
RISNAKKEN-PROSJEKTET
Kjøp av trappetrinn
........stk. x kr.250,- = sum kr…………….
Selje Idrettslag
”Risnakken-prosjektet”
6740 Selje
Innbetaling til kontonr: 3845.07.10374
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024
Årsfest torsdag 5.desember
20.11.2024
Info. Deltakingsavgift 2024
20.11.2024