28.09: G15/16 Selje/Stadlandet vann alle kampane!
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2006
Sandane kunne med siger i kveldens kamp, og ein kamp mindre spelt, gå forbi Selje/Stadlandet på målforskjell. I ein ujamn fyrsteomgang der heimelaget hadde det meste av trykket og skapte dei fleste sjansane , sat ikkje spelet skikkeleg. Men etter nokre rokeringar på heimelaget i pausen fekk Endre Kupen nettkjenning 10 min ut i omgangen. Berre tre minutt seinare la same spelar på til 2-0.
No byrja det for alvor å losne for heimelaget. Pasningane og bevegelsane sat mykje betre, og heimelaget rulla opp angrep etter angrep. Etter 24 minutt scora Endre Kupen hattrick og la på til 3-0. På slutten var det eigentleg berre spørsmål om kor stor sigeren ville bli. Stian R. Ervik var framme på ein retur og la på til 4-0 i det 33 minutt. I det 37 minutt fastsette Ole Johnny Støverstein sluttresultatet til 5-0.
Spelarane kunne dermed juble for avdelingssiger i 2.divisjon avd. 3. Synd er det at samarbeidslaget ikkje får spele om KM-tittel. Laget har gjennomført ein strålande sesong.
Seljes lag i kveld: Espen Sandviknes, Lasse Marius Honningsvåg, Vidar Hagen, Martin Hove, Asbjørn Losnegård, Ole Andreas Solheim, Runar Aarsheim, Ole Andreas Årvik, Endre Kupen, Ole Johnny Støverstein, Anders D. Rekdal, Saron Osmundsvåg, Lars Erik Nilsen, Øystein Austring, Alexander Hove, Andreas Kvernevik, Stian R. Ervik, Vebjørn Ervik.
Kennet Honningsvåg (skada), Kai Sindre Moldestad (sjuk), Marius Kongsvoll (skada)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.