22.09 3.div: Selje tapte mot Førde
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Sep 2006
Selje opna friskt med god aggresivitet og hard jobbing over heile linja. Førde sleit med å få i gang spelet den fyrste halvtimen. Men etter 31 min lukkast Førde, og Steinar Tenden heada inn 1-0. Selje hadde nokre gode målsjansar i denne omgangen, men det vart for puslete avslutningar. I staden var det Førde som gjekk opp til 2-0 etter 38 min. ved Alexander Hjelmeland Rygg. Når så Tore Evensen la på til 3-0 fem minutt seinare, var vel eigentleg kampen køyrt.
2.omgang starta på verst tenkeleg måte, då Steinar Tenden enkelt set inn sitt andre mål for dagen og 4-0. Men Selje greidde å samle seg bra utover omgangen. 5-0 målet til Tore Evensen vart det siste i kampen.
Selje skal ha ros for vilje og bra jobbing. Men som kjent styrer mål kampar. Eit par-tre av måla til Førde er for enkle, og når spissane ikkje maktar å omsette sjansar til mål, vert resultatet eit klart tap mot laget som ligg på 2.plass på tabellen.
Hendinga som dei fleste snakka om etter kampen var nedsparkinga av Kennet Honningsvåg etter 75 min. Kennet var på veg framover med ballen, langs sidelinja midt på bana, då han brutalt vart klipt ned bakfrå. Det hjelper lite for skaden til den unge og lovande guttespelaren, men dommar Lien burde her ha gitt direkte rødt kort Med store smerter vart Kennet etter ei tid henta med ambulansen og frakta til sjukehus. Det er i kveld meldt at det ikkje er brot, men at sener truleg er avslitne. Dermed mistar Kennet innspurten i 3.div. Vi ynskjer Kennet god betring og ser fram til å få sjå friskusen tilbake på bana.
Saknet av sentrale spelarar i denne kampen vart merkbart utover kampen. Selje måtte bruke heile innbytterkvoten. Heile fire guttespelarar var på bana i dag (Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Ole Andreas Solheim, Martin Hove), det lovar godt for framtida! I tillegg kom keeper Tom-Øyvind Solheim innpå som utespelar dei siste 10 minutta.
Seljes lag: Odd Helge Losnegård, Anders Eltvik, Gaute Otnes, Arne Refsnes (Tom-Øyvind Solheim 85min), Kristoffer Hove, Atle Riksfjord (Ole Refsnes 57min), Kai Arne Otneim, Kennet Honningsvåg (Martin Hove 75min), Karl Erik Aarsheim, Endre Kupen, Trond Hamre (Ole Andreas Solheim 62min).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024
Årsfest torsdag 5.desember
20.11.2024
Info. Deltakingsavgift 2024
20.11.2024